Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
7
gjerne noko under, naar det vart so stilt. „Soh! gaa
no, Brunko" . . .
Gjenom den daudstille Lufti dura det upp eit Brak, eit
tungt, kvævt Brak som fyllte heile Kvelven. Det kom fraa
allestad og inginstad, men helst fraa Nordvest, fraa det
aude opne Hyrna der ute, der Lande tok Ende og
Have stod paa, rullande beint inn or Skoddeheimane
uppunder Nord-Isen. Det var som ein Marm i Lufti,
ei lang, døyvd During; Have koka upp fraa sine
djupaste Grunnar og reiste seg som til den siste Strid;
Rome skalv i Susing og Angest, i Rædsle for den
komande Vreide og store Undergang, daa Verdi skal
losne i sine Saumar og Himilen ruilast upp som ein
Klædebunad.
Det var Havbrak.
Det maatte ha vori Uvér ute i Have i Natt, freista
Enok aa trøyste seg. Men han kunde ikkje døyve si
Uro. „Solen skal slukne og Maanen blive som Blod
. . . og Havet og Vandbolgerne skulle bruse" . . .
Tenk, um Menniskens Søn kom no; um Himilen rivna
med Bulder og Brak, og den store Basunen glima fram
med sin Toreskrell, so Gravine brast og dei Daude stod
opp . . .
„Høh! gaa no, Brunko!" Han peiste paa med
Taumen, til han fekk Merri i Dilt. Fælt so smaatt det
gjekk; det var myrke Kvelden alt, og her sat han enno
og rikka. Og no kom denne stygge Grave-Heidi . . .
— Aa nei; Domaren kom kje i Kveld. Det var kje
6000 Aar enno etter Verdens Skapelse; og det var
daa, han skulde koma. Men den som ikkje hadde Gud
med seg var alltid rædd. Øh, gaa no . . .
Eit Gudsbarn var trygt korleis det gjekk; „lad hvad
der vil kun komme, Gud hjælper dog de Fromme."
Ja; umvende seg maatte han. I Aalvors Tale: han
maatte og han vilde. Det bar kje til lenger og gange
slik. Kvar Dag kunde vera den siste; og det var ikkje
sagt han fekk Stundir til aa tenkje seg um daa. Dess-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>