Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
8
FRED
utan, den som stødt og stendigt stod Naaden imot, so
kunde Gud sistpaa trøytne; og so vart ein forherda.
Forherda. Det var slikt eit tungt Ord; Enok fælte.
Nei; i Morgo den Dag. Fyrr Naadetidi var til Ende.
Gud, riv meg kje burt midt i mine Syndir; Gud! ver
meg barmhjertig etter din store Miskundhed . . .
Det dura og braka tungt og svært; Enok kraup ihop
paa Kjerra si og smaakulsa. Tenk um Herren kom
likevel! Ingin visste Tid og Time. Og me hadde
høyrt Krig og Rygte urn Krig. Og Syndi var so stor
at Gud visst snart kunde vera trøytt av oss. Tenk, um
det alt skulde vera for seint i Morgo. Saah, Brunko
. . . — Aa Gud, riv meg kje burt ... aa Gud! ver
langmodig. Tru det ikkje snart skulde stilne av att
med dette fæle Brake?
No var han i Grave-Heidi. Her lika han aldri aa
fara so seint. Her var audt og svart og langt til Folk;
baade Fant og anna stygt kunde fara, eller liggje og
lure uppunder dei store Steinane. Det var her han
Far hadde set Dvergar inni ein Haug . . . gamall
Ovtru og Tøv; men likevel; noko hadde det vel vori.
Ingin kunde vita kva ein kunde faa sjaa; Djevelen var
sterk; og naar ein ikkje hadde Gud med seg —. Berre
det vilde koma einkvar, so han kunde faa Fylgje!
Der nede laag Tjønni svart og still, mest like inn
under Grave-Nuten. Der hadde han blivi, Son til gamle
Presten Juel. Og det var dei som vilde ha høyrt Rop
. . . Attum den store Steinen her uppe var det dei
fann henne Berta Aalvestad, ho som fraus ihel. Alltid
kom det for lian, at Like maatte sitja der uppe enno . . .
Kva tru han Gunnar staaka med i Kveld? Han
heldt seg vel uppe i lengste Lage. Venta paa han
Far med By-Gotter. Aa ja; du skal nok faa Gotter,
Gunnarmann. 1 Morgo, naar du stend upp . . .
Høyrde han kje noko? — Høh; gakk no . . .
Ja i Morgo skulde det bli Høgtid. Ny Luve skulde
han faa; og ny Kakjesbok med Pave i; og det beste
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>