Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
9
av alt: Søt-eple! — Ja, ja; dei skulde faa, Gjenteborni
au. Tenk, tri Gjenteborn etter kvarandre. Den
Guten som kom etter henne Serina, han skulde døy.
Inga Velsigning i dette heller. Men Gudskjelov at han
Gunnar tok seg so godt upp ... og fekk vera frisk.
— Tenk, tie Aar alt; det var snart Hjelp i han. —
Berre ikkje hava’n til Avgud. Tukta han; — „den
som hader sitt Ris elsker sin Søn" — nei . . .
Aa nei; han kunde kje halde Tankane samla. Desse
jordiske Ting som elles so altfor mykje fyllte hans Hug,
no var der kje noko Hjelp i deim heller. Nei, nei.
Utan Gud ingin Fred. I Morgo, so snart han kom i
Ro —; berre til i Morgo vilde nok Vaarherre vente.
— Gud skje Lov; det tok til aa blakre og smaablaase ;
so dovna Havbrake. Og so vart her ikkje so hustre
og fælt til han skulde framum Kyrkja. Saah, Brunko!
— Han kjende seg modigare. Det vart ingin
Domedag i Kveld. Kvi skulde det bli i Kveld meir enn
andre Gongir? Havbrak hadde han daa høyrt so tidt.
Kva var det? — Han kvakk, so det gjekk Lysning
for Augo hans. Burt i Bakken, burt-imot Kyrkja, hadde
han høyrt som eit Rop.
Han heldt Merri og lydde. Hjarta hans hamra i
Bringa so han høyrde det. Aa Gudskjelov. Det var
Folk. Det høyrdest Kjerre-Rammel. Han drog Anden
djupt og kjende seg letta og fegin.
Men kva kunde det vera for Slag; var det fulle
Folk? — for det song. Han vart rædd att. Ingin
visste kva ein Fyllefant kunde finne paa. . . .
„Klippens Top som Granen bær,
munter Sjælens Tilflugt ær," —
song det. Og ei Kjerre kom ramlande beint imot han
i fullt Traav. Berre stille seg til Sides og koma fort
frat^um . . .
— „Kva-slag Fa’n, er det Folk?" ropa eit høgt,
djervt Maal. Jamenn var det han Napolon Storbrekke.
Det kulsa i Enok av den fæle Banningi; tenk ropa
2 — Garborg. IV.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>