Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
10
FRED
paa den Vonde i Kveld. „Er det du som er ute so
seint?" spurde han spakmælt.
„Jagu er det eg!" skreik Napolon; „i Myrkno trivst
Trolli best. Kjem du fraa Byn, Enok?"
„Ja—a. Eg hev vore der inne so snaraste."
„Og eg skal der inn so snaraste; no kann du
fortelja meg um der er noko aa gjera. Det er vel Skit
som det plar vera, veit eg?"
Enok fortalde; Napolon sat og banna. „Nei so
pinedø!" „Nei no skin det av!" „Nei men hev du
høyrt slik Sattan?" — Daa Enok slutta med det
vanlege: „det ser smaatt ut", sette Napolon i so det
small, at han vilde til Amerika.
Ja det vilde han. Fara fraa Garden og heile Smelta
og beint Fa’n i Vald til Amerika. For neigu um her
snart var livande for skikkelegt Folk! „Det sa eg til
Lensmannen paa Aase au; — eg var innum der i
Kveld; han skjenkte meg endaa ein Dram eller tvo;
grei Kar, Lensmann Aase! — prrr, vil du staa! —
Ja det sa eg. Men veit du kva han svara? Skulde
slike Folk fara til Amerika, sa han, kven skulde verta
verande heime daa? Me fær heller sjaa, sa han, um
me kann kje faa skipa ut noko av all Fanten, Napolon,
sa han; — men skal det halde paa paa denne Maaten,
so vert det peinadø Fant altihop; ja det vert det; no
banna Napolon Salomonsen Storbrekke!" —
„Ja eg tykkjer du skulde kje banna so mykje,
Napolon," tok Enok stilt i. Men den andre høyrde det
ikkje.
„Prrr! vil du staa! — Ja det er som eg seier —
statt din Sattan! — kann du gissa kva eg betalar i
Skatt no? Gissa, Enok! —Ja dei snakkar alltid um
den stakkars Stampo eg hev sett upp . . . liksom det
var anna enn den Stampo ! Hadde eg kje den, so var
der kje anna enn klinkande Fant med meg; neigu var
det ei! — Fem Dalar, min Far! Ja du trur det kje
du; men eg skal banna paa det so dyrt du vil; —
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>