- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
12

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

12

FRED

det eit anna Lag og spila Kort; men uti’Bui gjekk
Dansen med Feleskratt og Rop og Braak .og Staak,
so det song gjenom Huse. Helge Hove heldt
Bryllaup for yngste Dotter si; og so laut det vera eit Lag
som kunde baade høyrast og spyrjast.

Øle var sterkt og godt, og det fløymde med
Brennevin. Nils Ramstad splla; alt var paa si Høgd. Heile
Grannelage var bedi, og Skyldfolk og Kjenningar; og
Huse stima fullt av ein glad Svarm, som lova seg tri
sutalause Dagar.

Enok var næraste Grannen og kunde kje anna enn
vera med; men han lika seg ikkje. Han sat der i
Lag med dei gamle og høyrde paa Staake, og totte
han var i ein Sattans Synagoge. Der var sjeldan ein
Smil aa sjaa paa Andlite hans; og dei graae Augo
var uglade. Han drakk naar han vart tildrukkin, og
svara naar han vart spurd; men elles berre sat han
der og hekk, framand og still, liksom trolltekin i sine
eigne Tankar.

Det var spøkjelegt aa sjaa paa alt dette Folke som
gjekk her og susa og svarma og tente Djevelen; i
næste Minutten kunde dei staa for sin Domar, og kor
gjekk det deim daa? — Jamvel dei gamle, som visste
at dei ikkje hadde langt att, dei tente Sattan so trutt
som dei skulde vera forsvorne. Drakk og lo og skravla
laust; tenkte minst paa at dei skulde døy. Og so alt
det stygge her var aa høyre; denne fæle Banningi
rundt ikring —; der var ein som bad Djevelen ta seg,
og der ein som ynskte seg ein „pine"-full „Død"; upp
i Kortlage sat Napolon Storbrekke og staaka og svor
so det berre lyste um han. Og dette lo Folk aat.
Di meir han staaka, di meir Laatt vart der. Like til
smaae Gutungar so laag dei uppetter Bordkanten og
lo; det var nok ingin som hugsa Orde um
Mylne-steinen. Enok stirde og stirde og vart stundom heilt
rar. De.t kom for han at det var Lik han saag, paa-

B u i; Bestestogo.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0022.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free