- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
13

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

FRED

13

klaedde Beinrangel som gjekk her og dingla; og naar
dei gapte og lo med sine kvite Tanngardar var det so
det gjekk i han. Dei skulde vita kven det var som
sat attum deim og kvesste sine Kløar, so lo dei nok
ikkje! Og dei unge der ute som sjaua og dansa, fjasa
med Kvinnfolki og velte seg i Synd, kva tru dei vilde svara
um Brudgomen kom? — Men ikkje ein Tanke, ikkje
ein Tanke . . . Og endaa var der dei som nyleg hadde
stadi til Konfirmasjon. Ja Sattans Hus var dette og
Helvites Port; han vilde berre sitja ei Stund, so vidt
han kunde segja han hadde vori her; so vilde han
heim att.

Fela der ute ljoma og lét; ei underleg Djevelsmagt
var der i det Spele. Han maatte høyre paa det anten
han vilde eller ei. Det var vent paa ein Maate;
altfor vent; stundom kunde ein mest tru det var noko
godt; men so kom Djevlearti. Lokking og Laatt,
Hildring og Vildring, Helvites Magt som drog Sjæli i
Ørske burt ifraa Gud og inn i Synd og Vellyst og
æveleg Anger.

— „Her hjelper ingen verdslig Magt!" staaka Napolon
Storbrekke uppi Kortlage; han slog i Borde so det
small. „Her er Majestæten sjølv; kom so med
Drammen!" — Banning og Laatt. „Skaal Kjeften min;
eg veit du likar det!" Napolon drakk. So reiste han
seg og gjekk fram. „No hev eg vunni so lengi at eg
er lei av det," sa han. Han var alt noko paa ’an;
dei smaae blaakalde Rovfugl-Augo stirde; det lyste av
Krok-nasen, og heile det skarpe, storbygde Andlite
var raudt og heitt. „D’er kje noko Hugna aa spela
med dykk," kytte han; „det er som eg skulde spela
med Ungane. Er de kje likare Karar, so neigu um
de skulde bjoa til med han Napolon Storbrekke! —
Koss gjeng det her?" helsa han dei gamle; — „ja
kva seier no de um denne Ungdomen som veks
upp? — Peinadø um eg vilde reisa meg upp for dei,
um eg so sat paa ei Rullehorv! Inkje kann dei dansa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0023.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free