- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
17

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

FRED

17

framandsleg; det var mange som totte at det stod
liksom ein Kaldhjelm av han.

— — Rart med slik ein Dram. Han vermde og
gjorde godt; no kjende kje Enok det Slag av denne
Otten for Bringa. Ein Dram var kje noko gali; det
var naar det kom fleire . . .

Underlegt med det, at alt som var gali, det skulde
vera so kjært for Kjøt og Blod. Godt Lag og god
Drykk og Felelaat og Sus og Dus . . . Øienslyst,
Kjødslyst og eit overdaadigt Levnet, det var nok so
han vilde ha det, den gamle Adam.

Napolon var alt so full at han song.

„Kan det vel være, at hele Landet,

var bedre tjænt, om man blot drak Vandet?

— Nei!

Saa skjenk i Glasset . . .

Stakkars Napolon; altid skulde han hengje so uti
dette Brennevine.

Fela var det som drog mest. Det var ein Laat og
ein Ljom som gjekk so reint forunderleg til Hjarta;
ein Undertone liksom, ein Medklang, noko, som ikkje
kunde koma berre fraa Strengine . . . var det Djevelen
det? — Dei var kje beint fram lettlynde heller, desse
Tonane; likso snart kunde ein kalle deim tunglynde;
det var ei underleg Blanding av Glede og Graat, ør,
heilt-upp tryllande. Og der fylgde so mange Minne
med, slikt som ein helst skulde gløyme; heile
Ungdomslive; dei kunde berre klunke paa Fela, so song det
upp um gamle galne Ting, Innbillningar og Paafynster
i Ungdomens Dagar ... i den Tidi daa han sjølv dansa
og tumla og for med Gjentefjas . . . berre so smaatt
daa. Han hugsa so vel dette Bryllaupe paa Ramstad,
der ho var med, denne — som dei hadde erta han so
for ei Tid . . . greid Gjente, ikkje for det; men —.
Berre Armod og Vesalldom; so det kunde kje verte
noko. Men ei hamsleg, gild Gjente. Og dei dansa
og fjasa; var endaa burti Løo ... aa du Ungdoms

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0027.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free