- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
18

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

18

FRED

Daarskap og Tankeløyse. Det var kje noko aa tenkje
paa no; det var burte og gløymt, som vel var; det
var berre denne Fela. „Han er god til aa spela, han
Nils!" — „Ja, han er det. Han er rigtigt god til aa
spela. Det er han." — Dei vart so fagre dei gamle
Dagane. Han minntest kor vent det kunde vera stundom,
meir daa enn no, med Solsteik og lang Blaaning og
varmt i Bakkane. Og det anga so godt av Blomar
og Høy. Og Viba skreik og Raudstelken slog, og
Aakerhøna riksa i Engine, naar dei stundom møttest i
svale Kveldstundir . . . Tull og Tøv og forargeleg
Synd; men endaa fylgde det som ei Sorg med det.

Jamenn strauk Nils upp med den gamle Springaren
. . . nett den som Enok og Kjistina hadde dansa paa
Ramstad for tjuge Aar sidan. Enok reiste seg og
gjekk ut, vilde „lufte seg eitgrand"; stana fyrst i
Gangen og saag paa Dansen; gjekk so ut i Bislage.
Der stod han og lydde paa Fela lengi.

Kunde der vera so mykje Synd i Fela, tru? —
Nei, som han Nils strauk upp. Det oma og ljoma
gjenom heile Huse. Og dei stræva og dansa som
dei skulde staa paa Laaven. Karane hadde endaa
kasta Trøya; Gjentune var so varme og raude at det
skein av deim. Narreverk, Djevelskap; Dans paa ein
Avgrunn . . .

Folk dreiv ut og inn; Svall og Laatt og Song og
Sus kor ein snudde seg. Ein Sjøgut fraa Byn hadde
ei ny Vise som alle skulde lære; det var um ei
Jomfru burti Engelland; ho var so fælande rik:

„Hendes I—ndtægter om Aa—ret
seks hundrede tusinde var . . ."

So var det ein Matros som fridde; og ho hadde
kje meir Vit enn ho vilde hava’n; men dette brydde
kje Faren seg um, som rimelegt var; og det var svært
til Ugreide. Men so tok denne Matrosen Mod til
seg og tala beint ut til Rikingen; det var gali aa tru
paa Gods og Gull; han fekk alltid nok for sin Part;

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0028.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free