- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
19

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

FRED

19

det jordiske var kje noko aa lite paa; han fekk kje
noko med seg av det kor som var —:

„Thi saa faar du ikke mer paa sidste Dagen,
du blir lagt i den sortaste Muld!"

. . . Fælt, at dei kunde gaa og syngje paa slikt i
Fjas og Fyll. Hadde dei daa ikkje den aira minste
Ettertanke —–

I det same gjorde han ei Overhaling; han maatte
taka seg Tak og halde seg fast; hadde so nær tumla
utfor Steintroppi. Daa kvakk han, so Hovude hans
vart klaart med ein Gong. Han hadde vori drukkin.

Rædsla tok han. Burt, burt fraa dette Syndehus
. . . Han staka avstad med strævande Stig vest
gje-nom Geilane og heim; gav seg ikkje Stundir dessmeir
til aa gaa inn etter Hatten.

Dette var Verdi og Verdi si Lyst. Drikkarar og
Horkarlar rangla remjande fram-etter Vegen til
Hel-vite; Djevelen dansa ikring deim og lo; Fela skratta
Takten; det ville Staake stod til Himilen som eit
Skrik; berge seg, berge seg fyrr det vart for seint;
Gud! riv meg kje burt midt i mine Synder . . .

Han berga seg inn Bakdøri; kveikte Ljos og skunda
seg i Seng. Daa ho Anna kom heim, laag han og
sov, bleik og sveitt, med „De Bedendes aandelige
Kjæde" millom Hendane.

IV.

Nei; hadde Djevelen fyrst fengi Tak, so tarv du kje
tru, han slepte! — det kunde kje verte noko av i Dag
heller.

Det var „Graudadagen". Bryllaupsfolke skulde „paa
Garden"; so laut Enok au taka imot. No, daa han
hadde tenkt aa halde seg fraa Syndi, kom Syndi til
honom. Og i Dag vart det verre; for i Dag skulde
han sjølv vera Bryllaupsvert. Djevelens Kjøkmeistar

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0029.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free