- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
20

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

20

FRED

skulde han vera; synde sjølv og forføre til Synd; han
fekk anna aa gjera enn tenkje paa si Sjæl; Vaarherre
laut drygje til i Morgo som vanleg.

Tusundkunstnar, Tusundkunstnar. Alltid „i Morgo",
aldri „i Dag"; Vaarherre sist, alt anna fyrst . . .

Brjote Skikken? Enok sat i Underbroki og stirde
paa den eine Sokken sin i fem Minuttar: brjote
Skikken ?

Men det kunde han ikkje heller. Dei vilde taka det
gali upp. Dei vilde tru han gjorde det av Knipeskap.
Gjekk i Bryllaupe og livde godt sjølv, men drog seg
unna naar det var hans Børt . . . Ha-ha; urnvende
seg midt i Bryllaupe til aa faa spart ei Maaltid Mat;
aa nei; han sat der no; det fekk gange som det kunde.

Han skjekkte med Munnen og tok seg paa Tak; drog
Sokken paa seg og sidan Broki; døyvde Samvite og
lét det staa til; ho Anna hadde aldri set han so rar
som denne Morgonen.

— Det vart ein leid Dag. 1 Bryllaupsgarden fekk
Folk sin fyrste Rus; so drog dei med Spelemannen i
Fyri-Enden fyrst til han Enok og sidan til han Per;
fyllte paa og fyllte paa, til dei var saggne nok; so bar
det attende aat Bryllaupsgarden att; og daa dei langt
um lengi var ferdige med Grauten, var dei so fulle at
dei song mest alle.

Der vart eit Staak og eit Styr utan Maate og Maal.
Folk tumla rundt i ein ør Sveim, hua og skreik, tralla
og song; kvar hadde sin Tone og kvar si Vise, so det
vart i eit Rør alt; Kvinneskrik skar inn og Gjentelaatt;
den som vilde segja noko laut skrike. I Bui staaka
Dansen med tungt Brak, og Spenning i Golve so Huse
skalv, og Ho! og Hei! og ulande Rop; Fela kvein og
peip som ho kunde best, men vart lite høyrd ;
Spelemannen var so full han sat berre og dubba.

Alle Dørir hekk paa vid Vegg, og endaa stod det
som ein Eim gjenom Stogune av Varme og Tobaksrøyk.
Talgljos i Stakar og paa Veggine i gamle Messingskjold

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0030.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free