- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
21

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

FRED

21

gløste i den tette Lufti liksom dei sov. Alt tumla seg
i Halvmyrkr og Halvørske. Og det var ei Stiming ut
og inn og att og fram, Sjangling og Tvinting og
hotande Hendar; gamle Uvenir laag um Halsen paa
kvarandre, og gamle Venir rauk ihop og slost; Laatt og
Rop og djerve Ord skar haasmælte gjenom Staake; no
var det Bryllaup, no var det Høgtid; alle var glade
og alle kaate; Kvardags Sorgir var burte og gløymde ;
Folke kjende seg for ein Dag fritt.

Men ute paa Tune laag Napolon Storbrekke og
spydde. —

— Enok og Anna gjekk heim, so snart dei hadde
drukki Brurskaali. Det hadde vori Uraad aa halde seg
fraa Drikka i Dag; Enok var tung i Kroppen og ufysin
i Samvite. Men Gudskjelov; no var det slutt.

No fekk Gud gjeva’n den rette Angeren. Han prøvde
alt i Kveld; men det vart kje noko av det. Djevelen
laag heile Tidi og kviskra um, at han var daa kje
verre enn andre. Ja han var betre enn baade den og
den. Men det var det det galdt: aa vera den verste
av alle Syndarar. So lengi ein ikkje var det, men
vilde mæle sig med andre og finne ut noko aa orsaka
seg med, ja kannhende aa gjera seg til av, so lengi var
ein ubotferdig, og so lengi var Vegen til Naaden stengd.

Han sukka so tungt, at ho Anna var aat og vilde
spyrja kva som vanta; men ho heldt seg. Det var
nok ikkje noko som ho kunde hjelpe ’n med dette, var
ho rædd.

Dei var kje i Bryllaupe sidan. Men Sturingi hans
Enok heldt paa. —

Det var nokre Dagar etter; dei sat med Borde og
aat Nonsmaten.

— Det var Mort og Flot. Alen endaa var det stilt ved
Borde.

Han Hans, Drengen, og ho Marta, Gjenta, hadde
haldi Drøse uppe ei Stund, og ho Anna hadde hjelpt
til; der var nok aa røde um no, like etter Bryllaupe.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0031.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free