Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
22
FRED
Den og den hadde vori so og so full; han Napolon
Storbrekke hadde vorti attfunnin um Tridjedags
Morgonen i Fjose hans Enok, i Kalvebaasen ; dei og dei
hadde slegist; den og den Guten hadde haldi seg so
mykje ihop med den og den Gjenta, at me vel snart
kunde vente eit Bryllaup til; — „daa visst eit Barsøl".
Men dei kunde svalle um kva dei vilde, so sat Enok
og tagde som han var dauv. Dei andre hadde daa
og etterkvart tagna.
Ute gnog det og blés; Himilen var graa og
haust-tung. Tréi i Hagen burtanum Vegen stod nakne og
vaate og svinga og song. Av Fuglar var det kje att
anna enn ei Skjor her og kvar, eller ei tungt flaksande
Kraake.
Daa høyrdest det Treskostlg i Gangen; og Døri gjekk
upp stilt og smaatt. Det var han Per der nord, Grannen.
„Velbeköme Spissen," sa han stilt, og sette seg.
Det var ein litin raudhærd, blidsleg Mann, smaaøygd
og smaaleitt, med Sydvest paa Hovude. Den strauk
han av seg i Dag; der var i det heile noko høgtidsamt
med han. Han kunde sjaa ut som han kom med ei
Illsegn. Liksom til Ærend hadde han eit Par Avisblad
under Armen.
Dei hadde sagt det som segjast skulde um Vére og
Aarsavlen; so gav han Per Bladi fraa seg med
høvelege Orsakingar for han ikkje hadde sendt deim hit
fyrr. So vart det ei Togn. Per sat aa sukka; dei
andre venta. Det saag nok ut til at dei skulde faa
høyre Nytt.
— — „Dé ha vel kanskje ikkje høyrt gjete dette
vonde, som hende i Dag, dé," — kom det endeleg.
„Er der hendt noko?" — „Her i Bygdi?"
„Ja Gud bær’ oss, der er nok det. Ikkje lenger
burte enn paa Storbrekke."
„Gud hjelpe oss," sukka Enok; det var som det
kvakk i han.
„Nei kva er tids der?" „Er der nokon sjuk kanskje?"
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>