- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
23

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

FRED

23

„Aa," sukka Per; „det er nok endaa verre. Det er
han Napolon, som —; ja det er so at det er mest
vondt aa fortelja det."

„Naa?" —

„Du veit, han som gjekk her aa gruste so svært i
dette Bryllaupe."

»Ja??"

„Ja no er han . . . farin herifraa."

Det gjekk som ein Skugge gjenom gjenom Stogo.

„Nei men i Jøssu Nam!" — „Han Napolon?" —
„So reint braatt?"

„Ja. Han vart burtrivin ved ein hastig Dø i Dag
Klokka halv elleve."

„Aa Herre Jesus." — „Kva er det du seier." —
„Kors i Jessu Namn." —

Stive og stille sat dei der med kvitnande Aasyn og
skræmde Augo; det kom so tungt yvi deim, at dei mest
ikkje torde draga Pusten.

„Nei men kann det vera sant." — „Nei men korleis
kann daa det vera tilgjengi."

„Au jau dessverre; det er nok sant. Eg veit kje
korleis det er; men eg hev det liksom paa meg, at han
Napolon var . . . lite budd til aa døy no. — Eg hev aldri
høyrt noko som hev gjengi so innpaa meg som dette."

„Men korleis bar det til?"

„Aa det gjekk svært fort. Han Lars, Drengjen min,
kom derifraa nettupp no; — han skulde upp med noko
Eple som eg hadde laant av han Napolon i Vaar. Og
just daa han kom der upp, heldt dei paa aa bu Like."

Det tok til aa skomast. Vinden ute susa og saug,
taut i Skorsteinen og slog i Dørine; dei fælte der dei
sat og drog seg nærare kvarandre.

„— — Herre, lær oss at tælle vaare Dagar, at me
maa bekoma Visdom i Hjertet," mulla Enok; han hadde
vorti graa i Andlite.

„Gjekk det til med noko Uhende," spurde han Hans;
„slog han seg til Meins, eller —?"

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0033.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free