- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
24

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

24

FRED

Nei slettikkje. Det var berre noko som kom yvi
han. Og so reint braatt som det kom. Han gjekk og
var liksom noko utidug etter dette Bryllaupe; men i
Dag hadde han funni paa det at han vilde til Byn.
Anten han kjende seg sjuk og vilde til Doktaren eller
kva det var; nok av det: han tok Drengjen med seg
og vilde sko Merro. Men som dei stod utanfor
Stall-døro og bala med dette . . . Merro var endaa noko
uroleg av seg og vilde kje staa still ... so visste dei
kje Ord av, fyrr han datt aalveltes. Og Live var nok
slokna med ein Gong. Dei høyrde berre som det rikta
eller lét i han litegrand; men han rørde seg kje meir;
og daa dei skulde sjaa etter kva som tids var, — daa
var der kje meir aa gjera."

„Aa Jøssu Namn."

„So skræmeleg braatt."

„Aa nei, aa nei."

Ei ny Togn gjekk gjenom Stogo. Vesle Gunnar
klengde seg inn til Far sin og jamra; han var rædd.
Ho Serina gøymde seg i Fange til Mor si.

„Gud fri oss fraa ein hastig, uforvarende og bratt
Død!" bad Enok; „Gud straff oss ikkje i din Vrede,
og tukt oss ikkje i din Hastighed!"

Det svara med Sukk rundt ikring.

Per sat bøygd med Aalbogane mot Knéi og Hendane
ihoplagde. „Det er vel Ein, som hev ei Meining med
det," sa han. „Men jamenn var dette eit tungt Hende."

„Meiningi ser me," svara Enok. „’Han bruger
snart Lidelser, snart Velgjerninger, og snart andres
Exempel, som kan føre Mennesket til Eftertanke’ . . .
maatte me no agta aalvorlegt paa dette Kalle. Me
veit kje naar Timen kann slaa, nokon av oss."

„Det var nok sant," mulla det rundt Stogo i den
kaldgraae Kvelden.

— Vinden der ute taut og braut, ylte i Skorsteinen
og reiv i Dørine. Myrkre auka paa; Verdi stengdest.
Dauden stod paa Lur i kvar Kraa; ingin kunde vita

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0034.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free