Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
26
FRED
vart Skulemeistar var det ikkje av di han vilde lære
Ungdomen Gudsord; det var berre dei tjuge Dalane
um Aare han tenkte paa, so han kunde tena noko til
Gardsdrifti. Samstundes hadde han handla med Smale,
snytt til seg Pengar baade med Lygn og List — Synd
mot det sjuande Bud —; og daa det drygde noko
lengi fyrr han fekk taka imot. hadde han, Gud hjelpe
oss, halvt um halvt ynskt Helsa av sin eigin Far —
Synd mot det fjorde og femte Bud —, berre av Elsk
til denne Garden. Og sidan hadde han broti og
baska og bygt og grust og ikkje havt ein Tanke utanum
dette Mammonstræve; daa so Litle-Gunnar kom, hadde
han der fengi seg ein ny Avgud, som hadde bundi
Hjarta hans endaa fastare til Verdi; den sanne Gud
hadde han haldi seg ifraa som eitkvart vondt.
Og kor ofte hadde han ikkje misbruka Guds Namn,
vanvyrdt Kviledagen, arga sine Foreldre, ynskt vondt
yvi Næsten; og naar han kom til det sette Bud, kva
skulde han daa segja, og kva skulde han daa forsvara
seg med? Han var kje stort anna enn Gutungen,
daa han tok til med slikt Vas og Fjas; det var baade
skamlegt og stygt aa tenkje paa; og han elska Syndi og
søkte Syndi, all til dess Foreldri hans kom under med
det og jaga Kvinnfolke or Tenesta. Og sidan dette
med den andre, som au ei Tid hadde vori Avguden
hans, so han ikkje tenkte paa anna korkje Dag eller
Natt; og so alle dei som han i Ungdomens Aar hadde
„set paa" til aa „begjære dei" ... aa, dei var nok
uppskrivne! Ei heil Myr av Ureinskap laag det her;
aa fy aa fy for ein Syndar han var; ikkje ein rein
Flekk fraa Fot-Solen og inntil Hoved-lssen. Og endaa
angra han ikkje; gjekk berre og skalv for den Straff!
han hadde fortent; „aa Gud ver meg naadig; aa Gud!
ver meg Syndar naadig!"
Men alt det han bad so fekk han inkje Svar, ingi
Kjenning av at Gud hadde høyrt han. Hadde han
kannhende sett ut og sett ut so lengi no, at Gud ikkje
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>