Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
28
FRED
luve paa Hovude. Og i Andlite var han upptrutna
og raud. Han stana og stirde paa Enok, lét upp
Munnen og vilde tala, men kunde ikkje; det vart berre
Gauling og Vavl. So vart han som sjuk og datt ned;
der lagde han seg til aa spy; men det han spydde
var berre osande Eldslögen. Daa stivna Enok av
Rædsle; no forstod han, kven det var.
I slike Draumar kava han, til han vakna. So stod
han upp. Klædde paa seg som i ei Ørske; gjekk sidan
og vavra ut og inn som han ikkje hadde Fred; kunde
ikkje koma seg til med noko Arbeid heller. Ho Anna
maatte tala til han sistpaa: „var det kje i Dag du
skulde aat Kverni og mala?"
Langt um lengi kom han av Stad. Ho Anna gjekk
etter heime med ein tung Otte for Bringa; Gud hjelpe og
trøyste oss; skulde han Enok koma ut i Gruvlingar?
— Hovegarden laag uppaa øvste Rygningen av ei
Bakkehøgd som lyfte seg fraa dei vide Flötine i Vest
og Sør som ei rund, roleg Bylgje.
Tri Mann budde paa Garden i laage einhøgdes Hus.
Enok budde vest-lengst; Husi hans var nye og
tjøru-breidde. Bygdevegen strauk mest like framum Vindaugo
hans; paa hi Sida Vegen, rett imot Stoguglasi, var
„Hagen": nokre gamle Tre, mest Rogn, og ei svær
gamal Selje som tok av mot Nordvesten.
Nedyvi Bakkedrage i Sørhalle laag Bøane, Aakrar
og Vollar og vene Kjelvur, sundbytte med Steingjerde
paa langs og paa tvers. Bøane naadde aat Elvi og
Torvmyri; sunnan-um denne tøygde Ramstadheidi seg
vid og svart so langt ein kunde øygne.
Nedyvi Brekkehøgdine i Aust kom Skare-Aai
dragande i kvite Strok med sterk Sus; ho dreiv Kvernar
og eit Stampeverk og bøygde so i still Straum hit
gje-nom Myri heilt innunder Hövebøane. So fylgde ho
Bakkedrage i stor Sving. Her strøymde ho noko meir
paa, sovidt at Hövemennane kunde faa Kvernefall.
Enok hadde sitt Kvernhus langt nord-i Utmarki si, ved
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>