- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
29

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

FRED

29

Enden av ein Dam, som det maatte ha vori eit heilt
Sümarsarbeid aa grava.

Der laag han i Dag og turka og mol.

Det var øyde Ver; eit hardt, tungt Regn blanda med
Snøslette. Kvernhuse laag einslegt og hustre til. 1
Lyngheidi rundt um var smaae runde Haugar; lenger
nede og nord Heialandsmyri og Heialandsvatne med
sitt stride, lange Sev. Eit Stykke nedanfor Vatne, midt
paa Flata, laag Heialandsgarden gamall og graa; det
var som han vilde krjupe i Jorde under sine mange
laage Torvtak. Der skulde det ha spøkt i gamall Tid,
etter ein Mann som hadde hengt seg. Elles var inkje
anna aa sjaa enn Heid og Myr, Myr og Heid; og so
her og der ein Huskrull stikkande fram attum ein Haug,
liksom han helst vilde gøyme seg. Gjenom Regnskodda
skimta ein i Aust og Nord Aasegardane og den
kald-kvite Kyrkja.

Det lettna mot Kvelden; i Himilen og Lufti kom ein
staalgraa, kald Klaarleik; kölblaae Skyir laag og dreiv
upp-yvi Have i Vest. Ein sterk Aa-Sus stod gjenom Lufti.

Enok kjende seg veik; Tanken paa Napolon hadde
fylgt han heile Dagen. Han bad og bad, men utan
Hjelp; Bøni sprengdest kvar Stundi av framande
Tankar. No laag Napolon i Helvite og brann; kannhende
bad han Abraham um Løyve til aa gange heim att og
vitne for sine Kjenningar; og tenk um han fekk det.
Me var so syndetrygge og likesæle at det kunde nok
turvast. Det var imot Orde; men tenk um han kom
likevel. Um han no med ein Gong stod der i
Kvern-husdøri ....

Enok stengde; so kveikte han Ljos i Lykti og freista
aa gjeva seg Gud i Vald. „Aa, berre du vilda vera
med meg! — so var det nok ingin Faare."

Det var eit stort Kvernhus, skift i tvo med ein Vegg;
i det indre Rome var Tussa, i det ytre Kverni. Enok
heldt seg i det indre. Kvar Gong han skulde ut aat

Tussa- Turkegreida.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0039.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free