Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
32
FRED
Tid. Det vilde liksom lette aa faa han gøymd; det
som var i Kyrkjegarden var or Vegen.
Enok hadde ikkje vilja vera med. Han var rædd
det skulde gange for hardt innpaa han. Vera med og
halde Gjestebod for ein usæl Mann totte han au var
fælt. Men daa Likferdsdagen kom skifte han Tankar.
Det kunde nettupp høve for han no aa gange av aa
sjaa korleis ein Mann saag ut, naar han var komin til
Helvite. For no visste Enok, at det vai dit han skulde
sjølv.
Gud vilde kje hava ’n. Faafengd var Venting og
faafengd var Bøn. Ingi Hjelp kom; det vart heller
verre. Og kva vilde han anna vente; han hadde gjort
den Syndi som der ikkje er Naade for. „Synden til
Døden." Det var komi so tydeleg for han ein Dag,
at der var ikkje Tvil lenger.
Ho Anna hadde spurt han um dei ikkje skulde gaa
til Alters snart. „Kunde kje det vera godt for deg
no?" — hadde ho sagt i si gode Meining.
Det kvakk i han. Gange til Alters naar ein ikkje
var umvend? Eta og drikke seg sjølv til Doms?
Kunde nokon vaage slikt? — Han hadde sagt nei so
hardt og stutt, at ho Anna berre hadde set paa han
og tagna.
Men i det same hadde det liksom vorti sagt til han:
det hev du sjølv gjort, Enok ... so mange, mange
Gongir.
Daa var det som han stivna der han stod. Det tok
til aa ringje for Øyro hans: „eta og drikke seg sjølv
til Doms; eta og drikke seg sjølv til Doms" . . .
Sidan hadde Enok vimra um som i ei Ørske. Korkje
i Bibelen eller Preikbøkane kunde han finne at der
var Naade for dette gaatefulle; men i Salmen stod der
um den som hadde noti Guds Likam uverdeleg:
„Han skyldig er i Jesu Mord;
hans Blod er paa hans Hoved!"
Der var kje Tvil. Der var kje Tvil!
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>