- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
38

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

38

FRED

utan, kva Sæt var der paa ein Prest som berre tala
av Lærdomen, men ikkje av Anden.

Angesten kom i Ridir so harde at han sveita. Den
som kunde røme, gøyme seg! „Bjerge falder over os,
og Høie skjuler os! — for Lammet og hans Vrede!"

— Men rundt um var Gud; og kor ein kom var Gud;
stengt, stengt til alle Kantar av Gud; um han kunde
fara so snøgt som ein Tanke og gøyme seg ved
Enden av Verdi; ja um han vilde røme aat hi Verdi,
um han vilde reide si Seng i det utarste Helvite, — —
Gud var der, Gud var der; ingin Utveg, ingin einaste
trygg Flekk. Napolon laag kje trongare i Kista enn
Enok her; han hivde og kasta seg og totte stundom
han maatte kovne.

Av djupaste Naud ropa han til Gud: um der ikkje
endaa kunde vera ei Redning for han? Um ikkje
Jesus vilde forbarme seg og gaa i Bøn for han? Han
skulde kje beda um aa koma i Himilen. Han venta
seg kje Plass i Guds Helgenflokk; berre han fekk staa
nedmed Døri ein Stad; berre han fekk gøyme seg burt
i ei Kraa der han var trygg; ja berre Gud vilde taka
Blodskuldi fraa han, lette han for denne svære
Synde-tyngdi, gjeva ’n Ro i hans Sjæl og taka burt Angesten,

— so fekk han sidan gjera med han kva han vilde.
Han skulde vera fornøgd med alt. Men hjelp meg,
hjelp meg; lat meg kje gaa under; Herre frels meg,
eg forgaar! —

— — Det vart so forunderlegt for han; um han var
i Likamen eller utanfor Likamen, det visste han ikkje;
men vakin var han. Og han saag — saag ....

Himilen var svart som Jord. Djupt der nede braut
Have. Alle Skip og Farty vart kasta i Land og
sundslegne. Leviatan tumla seg som ein stor Kval; og det
stod Eld av Augo hans, og Røyk or Gape. Og ei
Røyst utanum og attanum Verdi sagde: „Det er
full-bragt."

Daa slog ein svær, tung Eldsloge ut av Himilen i

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0048.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free