- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
39

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

FRED

39

Nord. Og Have koka upp i gul Foss med eit Brak
som av mange Tordyn. Han vart rædd og snudde
seg burt; daa slog det Logar ut i Austhimilen og i
Fjelli. Vaadalskula brann; Skarefjelle brann; Fjell etter
Fjell tok Eld og sprang sund; og ut av botnlause
Rlvur og Hol slog digre gule Logar. Endaa ein Gong
snudde han seg burt; daa saag han med vitlaus Rædsle
at det stod Røyk av Have. Ein tett svart Røyk; som
naar Raa-Lyng brenn. So slog det ut i ein forfælande
Loge, som velte seg mot Skyine som eit ut-rullande
Segl. I same Stundi rivna Himilen. Og Jordi vart
burte under Føtane hans; men Lögane slog ihop yvi
han fraa alle Kantar . . .

Han seig ihop i Inkjevetta og gav eit langt, langt
Skrik. Gjenom Eldhave kom Djevelen symjande som
ein brun Kval og gapte, gapte. Daa fekk Enok Magt til
aa rope paa Jesus. Og i det same hadde han Tak i
ei Hand. Det var liksom berre ei Hand. Men i den
Handi var der eit Gap som etter ein Nagle. -—

— Ute i Kjøken høyrde ho Anna eit Skrik so fælt,
at kvar Blodsdrope rann i henne ... Og Knéi vart
so veike at ho vilde sige ned. Fleire Rop kom; ho
vann seg yvi og kava seg inn; — endaa laag han under
Dyna og stunde. Han maatte ha havt ein vond Draum.
Men no var det som det stilna av att. Ho stod yvi
Sengi stiv og rædd ; fekk kje upp Mæle; lydde lengi:
so forstod ho at han hadde roa seg til. Ho gjekk ut
att. Marta og dei smaae hadde klyngt seg ihop i
Sto-gudøri. „Er han Far sjuk?" spurde Gunnar. — „Eg
trur kje det var noko . . . med Guds Hjelp." — Dei
gjekk aat Kjøken att, men lét Døri stande. Ho Anna
fekk ei Skjelte-Rid og maatte setja seg.

Enok laag inne og fekk Naade til aa beda. Han
bad paa ein annan Maate enn fyrr. Og han fylltest
av ei Von sterkare enn all Djevelens Magt; for no
hadde han set Naglegape.

Endeleg hadde Gud forbarma seg. No hadde han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0049.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free