- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
40

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

40

FRED

fengi Svar! — eit Teikn so visst, at han aldri turvte
tvila. Ein uendeleg Fred strøymde inn i hans pinte
Sjæl. Heile Hugen glødde i Bøn; alt som i han var
loga i Bøn; Synd, Angest, Tvil og Naud braana og
brann upp i denne Straum av Eld; han bad kje med
Ord; han bad med sjølve sitt Hjarta.

Anden var det som bad i han no, Bøne-Anden som
Gud sende. Og det vart ljost i han. Og reint. Og
Hjarta i han mjukna og tinte. Han skaptest um,
fød-dest um. Djevelen slepte Tak etter Tak; Syndi tærdest
burt Flekk etter Flekk; den gamle Adam dovna og
døydde. Forunderleg godt og trygt fekk han halde fast
i den Frelserhandi som han enno tottest sjaa; og fraa
Naglegape strøymde det inn i hans letnande Hjarta eit
Hav av Kjærleik og Forsoning.

Daa han hadde slutta denne si sæle Bøn, den fyrste
rette Bøni han nokon Gong hadde bedi, — daa vart
det sagt i han so visst og fast som berre ein kann
segja eit slikt Ord :

„Vær frimodig, min Søn, dine Synder ere dig
forladte."

Enok stod upp.

Det var fullbragt. 1 ein Augneblink so lang som
eit heilt Liv var det hendt; det store Under var hendt;
han var umvend.

Fortumla og ør, men so glad som han aldri hadde
tenkt han kunde bli, lagde han seg paa Kne ved Kola
og song. Det var Brorsons Jubelsalme:

„Nu har jeg fundet det, jeg grunder
mit Salighedens Anker paa . . ."

— Ho Anna stirde halvrædd paa Mannen sin. Han
var svært bleik, og Andlite hadde noko ho ikkje rett
vilde kjennast med, — ein underleg stiv, draumsæl
Smil; men paa Augo og Kinnar viste det seg at han
hadde graati.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0050.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free