Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
41
VII.
Aldri hadde han trutt at Live i Gud var so sælt,
ikkje um heile Verdi hadde sagt det.
Han hadde lesi um Freden som gjekk yvi all
Forstand; men det hadde fyrr vori Ord utan Meining.
Aa vera vakt, det hadde han helst tenkt var eit Stræv
som ein lagde paa seg til aa sleppe Helvite; den Gleda
dei snakka um, den Vissa og himilske Kvila, det maatte
meir vera som ein Draum, noko dei fekk seg til aa
tru, liksom til Trøyst for alt det gode dei laut gjeva
upp her i Verdi.
Aa, at han ikkje hadde havt betre Vit. Aa, at han
hadde kunna vera so vond med seg sjølv; at han hadde
stengt seg ute i so lang ei Tid fraa denne
forunderlege Sæla!
— No fekk han kjenne og sjaa. Det han ikkje
hadde trutt, det fekk han sjølv røyne.
Det var større Ting enn han hadde høyrt av nokon
Munn eller lesi i nokor Bok; det var det som ikkje
lét seg utsegja. Han var i Himilen. Han hadde ikkje
berre Trui paa aa vera frelst; han var frelst. All hans
Synd var kasta i Have. Aldri skulde ho koma for
Dagen meir. Han var som den kvite Ull og den
skinande Snø; Jesu Reinleike var hans; Djevelen kunde
ikkje røre han med ein Finger. Og det fylgde ei Glede
med, ein Lyst og ein Jubel, og ei unemneleg Trygd ;
inkje noko i Verdi var so trygt som dette. Alt anna
kunde ljuge ; alt anna kunde vera Draum; men i dette
var der korkje Draum eller Lygn; det var livande Liv;
det var Ja og Amen.
Her stod han sjølv eit nytt Menneskje, umskapt ved
Guds Almagt mot sin eigin Forstand. Det som fyrr
var hans Lyst baud ’n no imot; det som fyrr syntest
Daarskap var no hans Liv; og istadenfor den Otten
og Ufreden, han med si eigi Magt aldri hadde raadt
med, kjende han no heile Hjarta sitt fullt av Ljos,
4 Garborg IV.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>