Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
42
FRED
Varme, Kjærleik, Kraft; og kor skulde alt dette vera
komi fraa, daa han sjølv ikkje ein Gong kunde tenkt
det, ja ikkje forstod det enno!
Aa Glede yvi Glede, aa himilske Ljos og Trygd!
— gjenom Sjæli hans gjekk det som Lovsongar. Aa du
Daude, kor er Brodden din no? Du arme Djevel,
kor er no ditt Mod? Du hev nok funni den som kann
taumkøyre deg no? Ja no kann du liggje der og vride
deg, du gamle Eiterorm!
Ein brennande Hug til Orde og Bøni fyllte han;
aldri kunde han bli trøytt av aa umgangast Gud;
Bøni var hans Andedraatt og Orde hans Mat; hans
Mat og Drykk og Leik og Lyst; hans Lengt og
stendige Traadom. 1 Orde var Livsens Ande og Guds
Munns Kyss; der fann Sjæli sin Brudgom i Kjærleiks
Eld; dei tvo heldt Bryllaup der og vart eitt i brennande
Umarming.
Fyrr var han utanfyri naar Velsigningi vart lyst;
naar Herren tala til sine var det aldri til han Enok.
No skulde han ikkje lenger staa utanfyri. No høyrde
han til Guds Flokk og kunde taka Orde til seg. Alt
det fagre og ljose, alt det høge og herlege, alle dei
store Signingar og alle søte Kjærleiksord, det var alt
til honom. Men Domar og Vaabønir stod han
utanfyri no. Han var kje under Vaabøni lenger, men
under Naaden. Aa Jubel; aa Triumf! Og kor vilde
kje Orde meir og meir opne seg for han i alle sine
Søtleikar og Rikdomar, i alle sine sæle Gaatur og all
sin løynde Glans! Han vilde faa symja i Ljos og
Liv, kjæte seg i Varme og Sol, svelja og svarme i
Guds gode Ting; og han vilde finne Raadir og Hjelp
i alle Mot, Trøyst i all Sorg, Lækjedom mot alle
Mein, Upplysning i all Tvil, Bot mot all Brest, Kvild
for alt Kav, Livd mot alle Stormar. Guds Ord var
hans Heim, hans Bu og hans Borg, hans Tempel og
Tun, hans Lyst og hans Paradis. Men naar dei vonde
Dagane kom og Sattan sette inn, daa vilde Orde vera
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>