- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
44

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

44

FRED

For Livsens Naudturft vilde Herren syte. Ikkje
for den Skuld arbeidde me. Me arbeidde av di Gud
vilde at me skulde arbeide.

Ein herleg Tanke var dette: at me i sjølve vaart
Kvardagsstræv kunde dyrke Gud. Enok var Guds
Tenar um han so stod i Mykdungen. Det ringaste
Arbeide var likso heilagt som Bøn og Song; Gud
hadde fyrisett oss det; det var hans Arbeid. Og no
tvila kje Enok um Signingi lenger; skulde kje Gud
vilja signe sitt eigi Verk?

Ein Morgon gjekk han rundt i Løu og Fjos, i
Kjellar og paa Loft, og heldt for seg sjølv ei serskild
Høgtid.

Aandi hadde lært ’n aa sjaa, at det var ikkje hans
det som her var. Eigaren var han Far i Himilen. Og
han sagde ifraa seg i sitt Hjarta Eigedomen til alt.
„Deg, Herre, høyrer Jorden til og all dens Fylde!"

Sjølv var han berre Brukar, Laanar, Forvaltar. Og
han bad um Naade til aa faa vera ein trugin Forvaltar.
„Lat Sattan aldri faa forføre meg, so eg segjer noko
av dette aa vera mitt eigi! Lat meg bruka det alt
etter din Vilje og til di Ære, so at du ein Gong kann
segja til meg: ’Du gode og trugne Tenar, du hev
vori tro over lidet; jeg vil sætte deg over meget; gak
ind til din Herres Glæde!’"

Men enno var han kje ferdug. Det sværaste var
att. Stod der kje at me skulde forsaka „alt det som
var oss kjært i Verdi", so Guds Vilje kunde hava
Framgang i oss?

Han sagde fraa seg Kone, Born, Skyldfolk, Venir;
ingin annan Kjærleik vilde han hava til deim enn den
som Jesus kravde, den aandelege Kjærleiken som
berre tenkte paa aa frelse Sjæline.

So randsaka han seg sjølv og sitt Hus, kva meir
der kunde væra aa ofre.

Han fann Töbakkje; det kasta han paa Elden. Men
der maatte vera meir.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0054.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free