Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
45
Han forsvor alle Gjestebod og all Moro; aldri vilde
han smaka ein Dram, aldri høyre Felelaat, aldri tala
med Folk utan um Aalvors Ting, og aldri lesa
verdslege Bøkar.
Forteljingar og Skildringar fraa Ferdir og framande
Land, det hadde fyrr vori hans beste Tidtrøyt. Baade
Kveldar og Sundagar hadde han si ti med slikt Vas;
og Djevelen hadde havt ei god Hjelp i denne Lestren
til aa halde han burte fraa Herren. Han granska
Bokhylla si og fann tvo Bøkar fraa si Skulemeistartid
som skulde paa Elden: „Erindringer fra en Reise i
Sibirien", og „Snorre Sturlesøns norske Kongers
Sagaer". So fann han „Gjest Baardsøns
Levnetsbeskrivelse"; ja; den handla um ein Syndar som var komin
til Ettertanke; — den fekk han vel spara. Ein
Aargang av „Almuvennen"; paa Elden med den.
„Skilling-Magazin" . . . den høyrde Boksamlingi til, og skulde
dit inn att, so snart det vart Preike. Sistpaa fann
han nokre Avisblad fraa seinare Tid; dei sende han
til han Per der nord med den Fraasegni, at han vilde
kje hava Bladi lenger.
Bøkane bar han aat Kjøken og vilde leggje deim paa
Elden. Anna kvakk; „vil du brenna dei dyre Bøkene?"
— Ho hadde sét paa Mannen sin med halvrædde
Augo i heile Dag. Daa var det som han umraadde
seg. Det vart til det at han gjekk paa Lofte med
Bøkane og hivde deim ned i Rapekista.
Paa Lofte hekk nokre gamle Skinnklæde som han
fekk Augo paa; daa vakna ein ny Tanke i han.
Han saag nedetter seg: desse Klædi han gjekk i,
dei var mest nye. Alltid hadde han havt det med
det; innbilte seg at han var ein berleg Kar; vilde
gjerne gaa hamslegt klædd, sjaa godt ut; — Øienslyst,
Faafengd, den gamle Adam. Burt med slikt Fjas og
syndig Lyst. Han skifte paa seg Skinnklædi.
Brøkane var uppkropne og stutte med store Krokekne;
Kufta for lita og bøtt og skral; men det skulde kann-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>