Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
46
FRED
hende ikkje vera godt aat denne Syndellkam? Ei lita
rund Skinnluve med Skyggje og svart Sauskinnskant
fann han og sette paa Hovude. Ned i Gangen stod
eit Par Tresko; dei kunde kje heller freiste til
Faa-fengd, tenkte han. Og han bytte deim paa seg.
Daa kjende han seg so god og glad. I desse Klasdi
var han liksom endaa meir trygg mot Sattans Aalaup.
Ho Anna kom or Kjøken i det same; kvakk so ho
kvitna; kva var dette for ein Fant? — So var det han
Enok. „Men i Jøssu Nam, kva er det, du finn paa?!"
— „Du skal ikke tage Herrens din Guds Navn
forfængelig," sagde han.
„Du vil vel kje gaa ut i den Bunaden der?" —
„Veit du kje at Gud gjorde Adam og hans Hustru
Kjortler av Skinn og iførte dem? — so er vel Skinn
godt nok aat oss au, tenkjer eg." Han klakka i Veg
paa sine Treskor, og det frasa og skraava i dei gamle
Skinnbrøkane. Var han galin?–-
— Heile Huse vart umstellt. Anna maatte gjeva
etter, Stig for Stig. Kvart Paafynster han kom med
var „Guds Vilje"; og til alle Motlegg svara han med
Bibelspraak. Det hadde alltid fylgt Age med han
Enok; men no vart det meir; det vart Rædsle. Ho
kunde kje hjelpe det: ho var rædd han. Han var
som forgjord. Det som han sagde kom som or ei
onnor Verd; vanleg Tale og Manns Meining kunde kje
naa han lenger. Og under hans kvite Augo og stive
kalde Andlit vart ho som klumsa, magtlaus og
raad-laus som ho skulde tala til ein Vegg. Stundom gav
ho seg yvi og grét; men Graat beit kje paa han meir
enn Grunnar.
„Denne Graaten din," sa han, „viser nettupp at
Gud vil det so. Naar Gud vil noko, so græt alltid
Kjøte. ’Kjødets Sans er Fiendskab mod Gud’. ’Aanden
begjærer imot Kjødet og Kjødet imod Aanden.’"
Han blanda seg inn i dei argaste Smaating. For
Gud galdt ikkje vaart „stort" og „smaatt"; alt var smaatt
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>