Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
47
for hcnom; og alt kunde vera stort; han spurde berre
etter Hjarta vaart, han; „skikker eder ikkje lige med
denne Verden". Og i Striden mot Djevelen galdt det
ikkje minst aa gjeva Agt paa dei „smaae Ting".
Alt skulde gange ut paa aa „fornegte oss sjølve".
„Korsfæste Kjødet med Lyster og Begjæringer." Agta
oss for „Fraadseri og Drukkenskab" ; segja fraa oss
alt som høyrde til „Øienslyst, Kjødslyst og eit hoffærdigt
Levnet". Aldri gjøde oss med feit eller sterk Mat, og
ikkje eggje Gomane vaare med mange Slag eller med
kunstig Tillaging. Det skrinnaste og magraste som Gud
gav, var endaa for godt aat denne Ormeposen vaar,
dette Syndebøle, som me kalla Kroppen. Helse og
Kraft vilde Gud gjeva oss naar me bad; me skulde
kje hava Magti i Matfate liksom Grisen. Varm Mat
skulde det vera ein Gong um Dagen, men um
Sundagen ingin Gong; daa skulde det vera Kviledag i
Kjøken som i Stogo.
Og so skulde me vera nøgde med det som Gud gav.
Det som vaks paa vaar eigin Grunn skulde vera oss
baade nok og godt nok. Aldri kjæle for Kjøte med
Kaupemat. Og denne Kaffidrikkingi som Folk tok til
med i seinare Tid, den skulde me serleg halde oss
ifraa. Hadde det vori Guds Vilje at me skulde drikke
Kaffi, so hadde han lati Kaffien vekse i vaart eigi
Land.
I Klæde og Husbunad skulde me brüka same
Maa-ten. Kaupety var Faafengd og Augnelyst. Likso gali
var det aa setja Fargar paa Ty eller Ting; dei Litine
Gud hadde sett skulde vera oss vene nok, og me
skulde kje vilja rette paa hans Arbeid. Vilde me kje
gange kvitklædde, so kunde me halde svarte Sauir og
veva Ty av den Ulli som dei gav. Og elles kunde me
gange i Skinn, som var den Bunaden Gud serleg hadde
gjort aat oss.
1 Huse skulde me halde Orden og god Skikk; Gud
var ein Ordens Gud og lika kje Sumling. Mat millom
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>