- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
48

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

48

FRED

Maali vilde han kje vita av; Borni skulde kje heller
eta til andre Tidir enn dei vanlege. Dei skulde hava
Vyrdnad for Guds Skipnad, dei au. Med Sanning og
i alle Maatar vilde Enok kunne segja som Gideon:
„Eg og mitt Hus, me vil tjene Herren!" —

Ho Anna gav upp aa stridast med han. Det kunde
ikkje nytte; den Ridi han no hadde fengi maatte gange
yvi av seg sjølv. Ho fekk heller freiste aa jamne paa
det verste i Løyndom; den fekk brülca Vit som Vite
hadde. Endaa godt, so lengi han ikkje læste ned for
henne og tok Lyklane . . .

Det skulde nokon ha sagt henne dette, daa ho flutte
til Hove Gardmannskone i Ungdomens Tid! Aa ja,
ja; Verdi hadde nok for oss alle. Berre det ikkje gjekk
galf med Vite hans Enok!

VIII.

Det vart stillt i Huse.

Hans var flutt; ho Marta vilde fly tja so snart ho
slapp til; alle gjekk og sturde og tagde. Men
Treskorne hans Enok klakka og banka Huse rundt snart
her og snart der, og det tasla og skraava i
Skinn-brøkane hans som Kviskring i Kræane. Det saag ofte
ut som han gjekk paa Lur; ein visste aldri rett kvar
ein hadde han.

Ute song Nordvesten sin tunge Song. Det braut i
Növine og blistra i Karmane. Lufti var graa av Snø
som dreiv; og Jordi laag frosi og stiv og daud, med
svarte Flekkir og kvite Fennar.

Folk var mest aldri aa sjaa. Det var som dei var
rædde. Ymse Segnir gjekk vel i Bygdine no um han
Enok Ut-Höve. Av Gardsfolk kom det ikkje andre enn
han Per der nord; han hadde nok au fengi som ein
Kvekk i seg av det som hende her i Haust med han
Napolon. Men det dovna snart av att med Heilag-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0058.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free