Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
49
domen hans Per; og so vart han au burte. Det kunde
vera soleis stundom, at ho Anna var glad berre det
kom eit Legda-Menneskje til Hus, ja um det so var
Fantar; det var daa eit Umskifte. Litegrand Drøs vart
det gjerne au, so vidt ein fekk høyre Manna Maal og
ikkje stødt sat nedtyngd av denne Stilla.
Gamle Legda-Guri vart til stor- Hjelp; ho hadde fengi
det godt for seg i seinare Tid, og kunde røde med han
Enok. Skral var ho, sjukleg og einøygd og halt; men
endaa var der Vit i henne; og mang ei lang Sküming
og mang ein seig Kveld fekk ho til aa gange i
Samtale med han Enok um Blode og dei fem Saari, eller
um Sattan og dei høge Freistingar. Stundom antrast
dei au. Det kunde vera vent aa høyre paa sumetider;
og Guri sa Enok Ting som han kunde hava godt av,
serleg um det at han „brydde seg med for mange
Ting". „Kun ét er fornøden!" — smilte Legda-Guri.
Ein Hende Gong kunde det koma ein av dei gamle
Hauge-Venine; daa vart det svært gildt. Dei hadde ein
mildare Maate enn han Enok; og ho meinte han maatte
hava godt av aa tala med deim. Elles kom dei godt
til Lags med han. Han var nok vel strid i sümt, totte
dei, helst i Smaating; Gud kravde kje slikt av oss;
og det kunde føre til Sjølvrettferd og Farisæardom.
Men Enok greidde seg. Det hadde vorti hans Hug no,
sagde han, aa lata Gud raa i alt; og „derpaa skulle vi
vide, at vi kjende Gud, at me holde hans Bud!" Daa
sukka dei gamle og sagde: „du er høgt benaada, Enok.
Men du maa ikkje vera for trygg!"
Ein Laurdagskveld kom Lars Nordbraut fraa Nese.
Daa fekk ho Anna slik ei god Von. Kunde den
Mannen faa Tak paa han Enok, so vilde visst mangt besne.
For Lars var upplyst og klok, attaat han var gudeleg.
So var der og slikt eit godt og lindt Lag med han;
han hadde ei serskild Gaave til aa stelle seg med
Folk. Han og Enok striddest mykje, og tokst heller
hardt um sume Ting, serleg um den „evangeliske Fri-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>