Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
50
FRED
hed"; Lars heldt fyri at Enok gjorde Evangelie for
mykje til Lov; og det vilde kje Enok høyre. Men i
Grunnen samdest dei godt. Det var berre ein Ting
som galdt for deim baae: „Jesus Kristus og ham
korsfesta." Og naar ein samdest um det, so kunde
ein godt bera yvi med kvarandre i mindre Ting; „hvo
som æder, foragte ikke den, som ikke æder," sagde
Paulus. Dei heldt Bøn saman um Sundags Morgonen:
og Anna totte det saag reint godt ut.
Men endaa vart dei Uvenir fyrr dei skildest.
Enok vilde kje laane Lars Hus til Uppbyggelsar. At
Lars vitna „for sin Bror, naar han møttest med han
paa Vegen", det var rett nok og godt; men tala Guds
Ord i Forsamlingi, det hadde ingin Rett til utan dei
som av Gud var innsette til det. Gud var ein Ordens
Gud; han hadde sett kvar i sitt Kall og vilde at me
skulde tena han der; han brydde seg ikkje um sjølvbedin
Dyrknad. „Om vi have en Tjeneste, da lad os tage
vare paa Tjenesten", skreiv Paulus. Striden vart hard;
og det fall djerve Ord. „Du maa kje tru anna," sa
Enok, „enn at eg au hev vori freista til aa fara um
og halda Uppbyggelsar; Kjøte freista meg sterkt ei
Stund; for der var Æra aa vinna med det, og maklege
Dagar" (Lars kremta og raudna); „men eg spurde meg
fyri i Guds Ord; og der fekk eg tydeleg Upplysning.
Naar du uppkastar deg sjølv til Lærar, sa Aandi til
meg, so forsømer du for det fyrste ditt eigi Kall; men
du gjer det som verre er: du lastar Gud. Du segjer
liksom til Gud, at han ikkje hev gjevi oss Lærarar
nok; eller gode Lærarar nok; at han ikkje hev stelt
det godt nok aat oss, so at du tykkjest maatta hjelpa ’n
men det er aandeleg Hofferdigheit, Lars, og Synd."
Lars forsvara seg baade kvasst og godt; han hadde
Kalle av Aandi, um han ikkje hadde det ytre; mange
var Leigesveinar um dei aldri so mykje hadde
Kongebrev. Men Enok gav seg ikkje. „De Myndigheder
som ere, er forordna av Gud! — Og me skal kje
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>