Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
51
setja oss imot Guds Forordning, um me aldri so mykje
tykkjest ha „Kall" til det; det Kalle er kje av Gud;
det kann likso godt vera av Kjøte." Dei skildest med
Bønir til Gud um Upplysning for kvarandre, og Lars
var heller raud i Andlite daa han gjekk. —
— Dei einaste Dagane ein kunde hava det paa
vanleg Folkevis var naar han Enok var burte.
Ein Dag var han paa Aase i Fatig-Kommissionen; og
endaa Kvinnfolki hadde Klædevask, og endaa Gunnar
maatte liggje i Kjellaren og pila rotne Jordeple, vart
det mest som Høgtid i Huse. God Mat vanka der,
og Drøs og Laatt; men Gunnar pila ei halv Bytte
Eple i rivande Hast og sette seg so til i Kammerse
med Karjolen sin, som han aldri fekk arbeide paa no,
sidan han Far vart soleis.
Det var eit raatt, surt Vér; Snøen fall blaut og
tung, og Lufti var myrk og uhugleg. Ein Kopp Kaffi
skulde smaka godt no; og ho Anna hadde att litegrand
fraa fyrr; det maatte ho daa ha Lov til aa bruka.
Elles kom kje han Enok heim fyrr i Kveld. Og Gjenta
var van med ein Kopp Kaffi paa Vaskedagar. Snart
stod Huse fullt av frisk, god Kaffidaam; og Kvinnfolki
vart so blide og glade at det baade lyste og lo av deim.
Men um det var eit Hende eller det var ut-tenkt:
daa Kjelen koka som best kom han Enok att.
Ho høyrde ’n i Gangen og kvakk so ho fekk vondt.
Kjelen av Kroken og burtunder Benken; Hjarta hamra
og Øyro song ... so gjekk Døri upp; Enok stod der.
— — Berre stod der.
Ei fæl Rædsle var det som fylgde ’n; ho hadde kje
gjort noko vondt, og endaa vart ho som lam. Stiringi
hans kjende ho i Ryggen. Og det vart svart og stilt
ikring henne som fyri eit Uver.
„Er det paa den Maaten du er Mannen underdanig
. . . ligesom Herren," kom det seint og kaldt.
Eit innvondt, tungt Sinne koka upp i henne, og ho
fann det ho skulde svara:
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>