Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
53
„Der maa vera reint noko Djevelskap i denne Kaffien,
naar han kann vera so kjær for Kjøt og Blod. Dess
gladare skulde du ofra han, — liksom eg ofra
Tö-bakkje."
Han kom fram og tok Kjelen; gjekk so aat Bakdøri.
„Ja spøkjer kje dette for einkvart —!" ropa ho rædd.
„Det kann koma den Dagen daa du vert so fatig at
du lyt beda um ein Kopp Kaffi for Guds Skuld!"
— „Eg og alt mitt er i Guds Hand," sagde Enok,
mest skræmd. So gjekk han ut og slog Kaffien paa
Dungen.
Daa han kom inn att var ho Anna i Seng. Han
forstod nok kva det var: ho vilde paa si Kvinnfolkvis
skræme seg fram ; men han fekk gange Guds Veg han,
so gjekk det vel yvi. „Kor er han Gunnar?" spurde han.
„— Eg totte du jaga han aat Kjellaren i Dag," sukka
ho innvondt.
I det same rørde Gunnar paa seg ut i Kammerse.
Han munde ha høyrt det. Stakkaren hadde kje tort
leda seg heile Tidi sidan Far hans kom; no fekk vel
han au svide. Ho breidde Dyna yvi seg og vilde kje
høyre meir.
Men daa Gunnar fekk Ris uti Kjøken, daa skreik
han so jammerleg at det nytta kje korkje Dyne eller
Dott. Ho høyrde alt; og det skar i henne som med
Knivar. Ho fekk ei Skjelterid so ho vart mest rædd;
krabba upp i Sengeskaape og tok Hoffmannsdropar.
Men daa Enok kom inn, fekk ho segja han eit Ord so
brennande at det gjorde henne reint godt: „du fær
be’ Marta koma upp; eg kann maatta ha Bod etter
Jordmori!"
Og Gudskjelov; ho saag at det gjekk i han Enok. —
— Men Gunnar laag i den svarte Eplekjellaren og
harma seg paa Far sin og grét.
Aldri fekk han den Karjolen ferdug! Men det laut
bli ei Raad lel. Han fekk arbeide um Sundagen.
Annan-kvar Sundag var det Preike i Aasekyrkja; daa
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>