Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
55
skilde det oss um Verdi var kald, naar me hadde Soli
og Ljose midt ibland oss?
Men i Skümingi, naar han ikkje saag lenger, sette
han seg ned og rødde um gudelege Ting. Fortalde
kor godt han hadde det no, og kor vondt han hadde
havt det fyrr; forklaara kva Gud hadde synt han og
lært han sidan sist; tok uppatt fraa Tekstine slikt som
han hadde merkt seg iser, og gjorde Tilmaatingar av
det paa deim som var til Stades. Ho Anna kjende
ofte at det var henne det galdt; han Gunnar fekk sitt
kvar Gong, han; og var Marta inne, so var der
eitkvart aat henne au, mest for di at ho gjekk paa Garden
um Sundagen istadenfor aa vera inne og tena Herren.
Gunnar var reint raadlaus i Fyrstningi. Alltid laut
han sitja inne og høyre paa; men so sovna han, og
daa fekk han Ris. Sidan laut han staa ved Borde
naar Far hans las, um han daa skulde kunna halde
seg vakin. Det hjelpte eit Grand. Men Johan Arndt
var uendeleg. Der var „syv væsentlige Stykker, som
hørte med til den sande Kristendom", og um Gunnar
stræva aldri so hardt, so klara han seg kje lenger enn
til midt uti det tridje. Endaa stræva han ei Stund;
stræva; stræva; reiv seg i Augo; tenkte paa Rise; „men
dette er Troens sande Fundament og Grund ... og
ingen kan komme til Gud uden en sand Erkjend . . ."
Rise, Rise; „thi der er ikke Salighed i nogen anden,
ei heller er der noget Navn ..." Gunnar dubba.
Dubba og skvatt uppatt; dubba ... og skvatt uppatt.
Dub—ba ... og sov. Aah!! — vakna av ein Smell;
det gjekk kvitt for han, Skodde; uff, der var han Far;
— Rise; halde seg vakin . . .
Men sistpaa fann han ein Utveg likevel. Det gjekk
betre naar han ikkje høyrde det Slag paa han Far,
men berre tenkte paa Karjolen. Korleis Karjolen skulde
vera; korleis han vilde gjera det og det; kor han skulde
faa Maaling ifraa, og kva Maaling der skulde vera paa
kvar Ting. Dette tamde han seg upp i etterkvart, so
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>