- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
56

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

1 56

FRED

det stundom mest vart likso gildt som han skulde havt
Karjolen for seg. Sidan fann han paa meir: bygde
Kvernhus; gjorde seg Baatar; tenkte ut ei Greide som
han skulde kunna gange paa Vatn med; tilslutt vart
denne Tankeleiken so gild at han dreiv ’n til andre
Tider au, og ikkje berre um Sundagen. Men
harme-legt var det aa sjaa, at ho Serina skulde hava det so
godt; ho lurde seg berre attum Stolen til Mor si ho,
naar han Far las; og der sat ho og blunda og sov so
mykje ho vilde. —

— Enok skyna at her vart nok Strid. Men han
fekk berre vera glad; ein Jesu Fylgjesvein skulde hava
Strid i Verdi.

Og han skulde nok vinne. For no hadde han Hjelp.
Hjarta hennar Anna bøygdest nok naar Tidi kom, og
Borni var han heller ikkje rædd for. Dertil bar han
deim for trutt fram for Gud, og lét Anden verke paa
deim gjenom Orde seint og tidleg. Og um Gud
kann-hende vilde prøve han ei Stund, so skulde han ikkje
tapa Tölmode. Med Gunnar var det verst; den gamle
Adam var svært sterk i den Guten; men Gud vilde
nok hjelpe; og so hadde han gjevi oss ei herleg Gaave
i det mjuke, kvasse Bjørkeris. Aa, for ei sæl Stund
det skulde verte, naar han ein Gong kunde segja som
Gideon: her er eg, Herre, og alle dei du hev gjevi
meg!

Verdi spotta og lo, og Folk trudde han var galin;
men aa bli hædd og spotta for Jesu Skuld var det
sælaste av alt. Og som Arndt sagde: di meir ein vart
hædd av Heimsens Born, di vissare kunde ein vera
um sin Kristendom. Det kom nok den Dagen daa
han kunde læ, og dei laut graate.

Den verste Striden fekk han vel med seg sjølv. Um
han fekk vera paa Tabor no, so maatte han kje tru at
det skulde vara æveleg.

Han visste kor han var veikast, og kor Sattan vilde
setja inn; Elsk til Verdi og Sorg for Næring hadde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0066.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free