- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
58

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

1 58

FRED

skilja millom vonde og gode paa hin Dagen. „Dei
svoltne gav de Mat; dei tysste gav de Drykk; dei
framande tok de til dykk; og so mykje som de hev
gjort mot desse minste Brørane mine, det gjorde de
mot meg!" Og han snudde seg til Kona si og sagde:
„høyrer du Anna? Han Far vil at me aldri skal
negta Fatigfolk Mat eller Hus. For det me gjer mot
deim er som me skulde ha gjort det mot Jesus."

Ho Anna vreid seg. „Du veit her gjeng mange,"
freista ho. „Det skal du kje syta fyre," svara han.
„Di fleire her kjem, di større vert Løni vaar i
Himi-len!" —

Ein Dag kom han med eit nyt Paafynster. „No
skal du faa eit Jesusbarn i Huse," sagde han.

Ho saag paa han; kva tru han no meinte.

„Enkja paa Heialand," heldt han fram, „var her
og klaga seg so av Naudi; og so laut eg lova aa
taka ei av Døtrane hennar til oss, so det kunde verta
lite lettare for henne. Eg veit det er Guds Vilje; og
eg kann kje tru at du hev noko imot det?"

Anna sukka tölmodigt og tungt. „Kor gamal er
ho?"

„Ho er paa Lag tolv Aar. So ho kann verta til
Hjelp for deg au . . . no, daa ho Marta fløt fraa oss."

„Ja me skal vel ha att ei Gjenta?" — ho vart
uroleg.

„Kann du finna ei Gjenta som held seg til Frelsaren,
so kann du ta henne . . . men noko Verdensbarn vil
eg kje vita av meir."

Anna snudde seg ifraa han.

„Eg vil kje festa Dreng heller," tok han frami att
og gjorde seg fjaag. „Eg veit at Gud er sterk i den
veike; og han vil nok hjelpa meg. Og kann han
hjelpa meg, so hjelper han deg au, naar du bed til
han. Ho Serina tek au til aa vitrast."

Berre ho kunde skyna, korleis det var med Vite
hans!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0068.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free