- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
59

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

FRED

59

„Det er kje anna enn Vantru aa halda Tenarar.
Det er som me ikkje trudde Gud kunde hjelpa oss
med det Arbeide han sjølv hev lagt paa oss. Me
skal berre tru. Hadde me Tru som eit Senapskorn,
so kunde me flytja Berg, veit du."

„Ja . . . naar du plent vil ha Ende paa meg, so —!
Eg er snart so lei av meg," kom det med graatkvævt
Maal, „at det mest kann . . . vera det sama."

„Du skal sjaa det gjeng betre enn du trur!" trøysta
Enok. „Han hev all Magt i Himilen og paa Jordi;
det vesle Stræve ditt er inginting for han. Gud er
sterk i dei veike; du skal berre hugsa det; — ogso beda."

Han trampa i Veg paa sine Tresko og saag blid ut.
Anna stod etter modlaus og mødd; Taarir rann, men
ho kjende det ikkje.

IX.

Skulen var ventande; og Anna gledde seg til dette.

Den Viko kvar Haust og Vaar naar Skulen var i
Huse, det var ei gild Tid. Vel fylgde det Uro med
Skulen, og ikkje so lite Stræv; men so var det og so
mykje som var huglegt. Berre aa sjaa paa alle desse
friske Borni —; mang ein tung Tanke kunde det drive
burt. Dei tok Verdi lett, dei smaae; dei hadde kje
mykje Bry for den Dagen dei ikkje saag, dei. Det
kom deira Tid au; men so hadde dei det no godt so
lengi det varde. Og so lika ho so godt aa sitja inne
med Rokken og høyre paa, naar Skulemeistaren spurde
Leksune. Dei Stundine hadde ho reint godt av. Um
ho ikkje lærde so mykje nytt, so fekk ho daa friske
paa mangt som kunde vera gløymt; og so mintest ho
so gcdt den Tidi daa ho sjølv var lita. Jamenn var
det ofte so ho totte ho livde sin eigin Barndom uppatt
i desse Timane.

Og naar det leid ti! Kvelden og Skulen slutta, og
Skulemeistaren sette seg til millom Husens Folk og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0069.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free