Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
1 60
FRED
rødde med deim, so kunde det vera ikkje mindre gildt.
Mykje kunde ein faa Greide paa som ein aldri hadde
visst; og um dei kom til aa skjemte og læ, so vart det
daa aldri noko Heigraskap. Dei hadde vorti so kjende
med han Tarald Aksdai, at det var mest som han
skulde høyre Huse til; og det vart Sorg baade paa
store og smaae her i Haust, daa det vart til det at
han skulde slutte med Skulen.
No skulde dei hava denne unge Son hans Torkjell
Tualand, han Tønes; so det kunde vel spyrjast, um
det vart fullt so gildt. Dei kjende kje denne Guten;
han hadde vaksi upp hjaa ein Farbror sin lenger sør,
og dei visste berre at det skulde vera ein Raring.
Aldri hadde han haldi Lag med hin Ungdomen, og
aldri hadde dei fengi han til aa arbeide; han berre
vilde lesa og skrive, han; og dei sa endaa at han dikta
Visur; so hadde daa Farbror hans sendt han av paa
denne nye Skulen der sør, „Lærarskulen" dei kalla, so
han kunde bli Skulemeistar. No fekk me sjaa. Glup
til aa skule laut han vel vera, naar han hadde vori av
og lært det; og det kunde vera godt det au, helst for
han Gunnar. For det gjekk smaatt med Gunnar i dei
boklege Ting. Han hadde nok Hovud, men det vanta
paa Hugen.
Underleg nok høyrdest det elles ut til at Guten
sjølv gjerne vilde i Skulen 110. Men dette hadde sin
serskilde Grunn, som ho Anna ein Dag kom etter.
Far hans hadde gjort han ei Skinnbrök; og den
skjemdest han so av, at sidan han fekk den hadde han
vori reint som rædd Folk. Mest skydde han sine fyrre
Leiksysken, Borni hans Per der nord; men so hadde
no ho Litla-Olina lætt aat han au, daa ho fyrste
Gongen saag han i Skinnbrök. Tresko hadde han og fengi;
deim var han ikkje stort gladare i. No visste han, at
Heigraskap: Uvitingskap. — skule: halde Skule:
„undervise".
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>