Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
61
i Skulen fekk han gaa sundagsklædd; og dette gledde
Ungen seg so til, at han reint gløymde Uhugen til
Boki.
Mor hans laut læ. „So hev daa Skinnbrøkane vori
gode for einkvart," sa ho.
— Men noko leidt skulde det koma her au. Det
var reint som det var utgjort.
Det var nokre Dagar etter at „Jesusbarne" fraa
Heia-land var komi, — ein litin myrkleitt Gjentunge som
heitte Jorina. Dei sat kring Kola ein Kveld; Enok
banda Byttur, Anna og Marta spann, Gunnar og Serina
sat og las, og Jorina karda.
Med ein Gong spruta ho Marta i og lo. Det munde
vera so løgi det ho tenkte paa, at ho kunde kje halde
seg lenger.
„Eg kann kje anna, eg maa læ," orsaka ho seg;
so fortalde ho:
Ho hadde stadi utmed Brunnen i Dag, og der hadde
ho set denne halvgalne Student Olsen koma svingande.
Han gjekk med lang Frakke og Flosshatt og Stav, og
var so stram og strak at det var reint Skil paa. Men
so var Vegen full av Snø, so han kunde kje faa svinge
seg som han vilde. Han var paa Storlüna si reint;
gjekk med Hatten i Nakken og Nasen uppi Lufti; men
den rette Svingen kunde han kje faa paa seg med alt
det han dibba og dabba; aa, det var so løje, at —! „Men
— hi-hi! — det munde vera haalt paa Vegen, eller
kva det var; hi-hi; med ein Gong rauk han baklengjes
so lang han var; Rauvo i Snøfonno og Føtane til Vers;
og Hatten til den eine Kanten og Staven til den andre;
og Olsen til aa banna so det lyste um han; hi, hi, hi!
eg lo so eg hadde mest vondt av det."
Dei andre lo med; berre Enok sat streng og aalvor-
Jorina, Serina, Maria osfr., i det heile alle tristavings Ord,
vert ut-tala med tvo tunge Stavingar og ei lett (— — [-Tonefalle-] {+Tone-
falle+} for „Anna", „Marta" osfr. er,–, ikkje — —.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>