- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
62

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

1 62

FRED

sam og banka paa sine Bytteband. So saag han upp;
glodde paa deim.

Det vart stilt. Kvar tok til att med sitt; ho Marta
vart raud og lét Rokken snurre.

— „Me skulde nok ikkje læ", sagde han Enok.
„Jesus lo aldri."

„— — Ja tru det nyttar for oss og mæla oss med
honom ..." Anna hadde stogga Rokken sin og stelte
med Snella noko.

„Me skal no fylgja hans Eksempel. — Og so skulde
me hugsa paa, at me skal gjera Rekneskap paa
Domedag for kvart unyttigt Ord som me heve tala."

Rokkane kapp-surra.

— „Det stend kje so i mi Forklaaring," vaaga ho
Jorina seg til, med Kremting og Raudning.

„Kva stend det der daa?" spurde Enok fjaagt; han
lika nok dette Jesusbarne.

„Det stend: ’hvert utilbørligt Ord, som I have talet,’
hm"; ho var raud som ei Glo.

„Aa; hev du fengi fat paa den galne Forklaaringi
du au. Ja den skal du brenna, Jorina. Eg fær heller
kjøpa deg ei ny, naar eg kjem til Byn att."

Anna og Marta sat og glodde.

„Kva seier du; er ho ikkje rett, den nye
Forklaaringi?"

„Der er tvo nye Forklaaringar; ei kann vera rett
nok, men den andre er rang."

„Ja men . . . kann dei ha Lov til aa gje ut slikt daa?"

„— — Dé veit der skal koma falske Kristi og falske
Profetar i dei siste Tidine. Og dei skal vera so fine
og sløge at dei skal forføra dei utvalde au, um det
var mulegt. Denne Presten Wexels er nok slik ein
falsk Profet. Gud hev gjevi han yvi i kraftige
Vildringar, at han skal tru Lygni."

„Det var fælt." Rokkane tok til aa svive att.

— — „Aa ja," sukka Enok; „det er fælt. Ein maa
berre beda Gud vara seg ... og fri oss fraa det vonde.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0072.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free