Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
1 64
FRED
fær til aa skula dykk sjølv. — Gud vil gje meg Stundir
til det au, naar han ser at det er so naudsynt."
Anna glytte burt til han Gunnar, Stakkar; — aa
nei, slike stygge Augo han sette paa Far sin.
Og no fekk kje ho heller nokon Hugnad av
Skulen. Ikkje vilde ho sitja og høyre paa, at
Skulemei-staren gjekk og prenta falsk Lære inn i dei stakkars
Borni.
X.
Ho Marta heldt ut til det femte var komi; so
reiste ho.
Glad var Enok. Endeleg var han heilt laus ifraa
Verdi; no var alt det gamle framfari. Alt hadde vorti
nytt; avstengt og fredlyst laag Huse hans der som eit
Tempel; no skulde inkje anna høyrast der enn Guds
Pris og Lov.
Og Dagane gjekk; og Enok fekk vera paa Tabor.
Ingin Ufred, ingi Sut; trygg som eit Barn fekk han
liva i Naaden. Um han trøytna ein Gong, so var det
berre aa søkje til Gud; i Bøni eller Orde fann han
alltid ny Kraft; og aldri svikta Frelsarhandi. Kvar han
gjekk og stod var han i Guds Fang; um han vakte
eller sov, livde eller døydde, han visste at han høyrde
Herren til; og det fanst ikkje vondt som kunde faa
Magt med han. Sjølve Syndi var han fri; han synda
nok, og det kvar Stund; men Syndi hadde kje Tak i
Hjarta hans; som Paulus sagde: det var kje han som
synda; det var Syndi som budde i han. Og alt vondt
og alt ureint vart dagleg vaska av han i Jesu Blod;
han var fri og lett som Fugl paa Kvist, og kunde
springe av Frygd som David kring Arken. Verdi
brydde han seg inkje um. Han kjende den som var
sterkare enn Verdi. Aa store, store ugrunnelege Naade,
som kunde gjera ei Sjæl so sterk og so glad, forløyse
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>