Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
65
eit Menneskje som var selt og fordømt, rette upp att
alt som Syndi hadde skjemt, binde Sattan og Dauden
og alt vondt; no var han som Adam fyri Syndefalle,
og Verdi som eit Paradis, der Gud gjekk um millom
Tre og Blom og gledde seg med Borni sine i den
solblanke Vaaren.
Ja Vaar, Vaar var det i Hjarta hans no. Det var
som etter ein lang, svart Vinter, naar Soli bryt fram
og jagar Skyir og Kjøld, tøymer Vér og Storm, tiner
upp Snø og Is, løyser alle Livsens Kimar og Spirur;
so sender ho eit linnt, godt Regn yvi alt som laag
døyvt og daudt; med ein Gong skyt Vaaren upp med
Blomar og Lauv og fine Angar, og der kjem Glede
og Liv yvi all Verdi. So var det med honom. Alt
grødde og grodde; der var varmt og frævt og spirande
derinne, fullt av Godhug og Medhug og Kjærleiks
Kraft; ikkje kjøteleg Kjærleik som gjorde bløytin og
veik, men Kristi Kjærleik som gav Aalvor og Annhug.
Ikkje ein Tanke kunde han tola som var Gud imot;
ikkje eit Hugsviv eller Hugdrag som var anna enn
Bøn og Lov; kvar Synd han kom etter var som saag
han Orm millom Lauv; velprydt og fagert vilde Hjarta
hans vera for Brudgomen sin; det var den einaste
Umsuti han no hadde.
Og Gud var i alt. I Luft, i Jord, i Vatn, i Eld, i
den sterke Storm og den milde Vind, i Arbeid og
Kvile, i Svevn og Vaking; berre søkje han der som
han var; han var aldri langt burte. Naar Soli skein,
var det Auga hans som lyste; Regn og Hagl var det
han som sende; men Stiernune um Natti var
Engle-augo, Blinking og Maning fraa dei mangetusund som
sveiv ikring Gud og venta paa oss. Og dei vakte og
varde oss paa alle Vegar, studde oss naar me stod,
reiste oss naar me glatt; mang ein Gong naar Vinden
blakra um Vangane hans, var det som han kjende
Veift av kvite Vengir.
Men i Stormen høyrde han Guds Røyst, og i
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>