- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
66

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

1 66

FRED

Havbrak og Toreslaatt og alt som lét; Guds Røyst
tona, susa, rulla gjenom Verdi i alle Ævur. Difor
skalv dei gudlause som ikkje hadde Fred; dei ræddast
for Far sin, av di dei ikkje kjende han. Det var som
med han Gunnar naar han hadde fari gali; han
forstod ikkje at Far hans vilde han vel naar han kom
med Rise. Med ein Smil tenkte han att-ende til den
Tidi daa han sjølv gjekk og var rædd; men det hadde
havt sin Grunn; den Herre Sabaots Røyst var i
Sanning skræmeleg for hans Uvénir.

So godt fekk han hava det, at han stundom laut
undrast. Hekk det rett ihop? Kunde eit Guds Barn
hava det soleis i denne Verdi?

Han hadde venta paa Strid og Møde, og so fekk
han vera paa Tabor mest jamt. Alt gjekk so lett, so
forunderleg lett; Gud verka i han baade aa vilja og
aa ut-rette. Vart han kje haldin verdig til ei
aalvor-sam Prøving? Eller kva meinte han Far?

Alle Guds Mennar tala um Anfektelsar, um Strid og
høge Freistingar, um Lutring som i Eld. Og Lars
Nordbraut hadde beint fram vara han imot aa vera
„for sæl"; det kunde vera ei Sattans List, sagde han,
til aa gjera han trygg, so han skulde somne av og
sidan dess lettare lata seg yvikuve. „Det er som med
desse Tre-plantune, han Møller paa Myre set i
Glashus: dei renn fort upp dei fyrste Aari, og alt ser gildt
ut; men dei hev vorti fose og veike av dei gode
Dagane; og so snart som han plantar deim ut, og dei
fær freiste Hauststormane og dei kalde Nætane, so
folnar dei av og døyr burt, av di dei ikkje hadde
Malmen i seg." Ho Legda-Guri hadde meint det
same. Sjølv hadde ho det reint hardt ofte med
Mod-løyse og tunge Tankar, men „takka Gud meir for
desse myrke Stundine enn for dei søtaste Naadedagar,
for naar Herren tukta, so visste ho at han elska."
Skulde kje Gud elske han? Det var Dagar daa dette
Spursmaale mest vart ’n til ei Uro.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0076.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free