- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
67

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

FRED

67

Men nei. Det kunde kje vera Sattan som gjorde
han so sæl; det var Synd aa tenkje sovori. Berre
gjeva seg i Guds Hand og lata han raade. Han Far
visste kva som bata oss best, og kva me tolde av
godt og av vondt; han vilde nok sende Tukt, naar han
saag at det turvtest.

Enok fekk sjaa i det timelege au at han tente ein
god Herre; der var Signing og Drygsel i all Ting;
det draup Feitt av alt han rørde ved. Alltid hadde
han noko aa vende. Og Gud var god med han, so
han fekk dei høgste Prisane jamt, ja stundom meir
enn andre. Det var som sjølve Verdensborni heller
vilde handle med eit Gudsbarn enn med ein av sine
eigne; dei kjende seg vel sjølve, kunde han tru.

Paa ein annan Kant au hadde Gud velsigna han og
høyrt Bønine hans: den litle som var komin no var
Gut. Var det kje som Herren yvi-dyngde han med
Velgjerningar, ja reint lagde seg ut um aa vise at han
var med ’n? —

— Det leid til Vaaren ; ho Anna spurde korleis han
vilde klara Vaarvinna utan Dreng. „Han Far greider
det nok," meinte Enok. Og Trui hans vart ikkje
skjemd.

Enok hadde gjort Guds Vilje mot Fatigfolk so langt
det rakk, og laant deim Matvarur og Fræ naar dei
kom og bad; no lønde Gud han for dette. Den eine
etter den andre kom og vilde arbeide for det dei hadde
laant; og soleis fekk han baade nok Hjelp og billeg
Hjelp; for ein slapp alltid best, naar ein ikkje turvte
ut med Pengar. Han tok nok ikkje noko av oss for
inkje, han Far!

Til Vinnekar fekk han paa denne Maaten Torkjell
Tuaiand, som med sine fire og femti Aar var ein
Arbeidskar so det var svært, naar han berre vilde.
Og han vilde, naar han arbeidde hjaa Folk som hadde
vori gode med ’n. Ein Leide var det med ’n
Torkjell: han kunde kje styre Munnen sin. Mest alt reiv

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0077.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free