Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
1 68
FRED
han ned paa, og helst paa slikt som Gud vilde me
skulde hava Vyrdnad fyri. So naar det ikkje hadde
vori for Sælebot Skuld, so hadde han Enok heller vilja
havt ein annan Mann i sitt Arbeid.
Men Torkjell hadde fengi det trongt paa sine aldrande
Aar. Fyrr sat han paa ein av dei likaste Gardane i
Bygdi; men so kom han uppi denne Thrane-Røra, og
gløymde daa burt baade Arbeid og alt; kom i Skuld,
og vart med Rettens Magt drivin fraa Garden.
Lensmann Aase skulde ha fari hardt fram mot han Torkjell
den Gongen, sagde dei; men kor som var eller ikkje
var: ut maatte han, og laut til Slutt vera glad han fekk
setja seg til paa eit Plass sør i Ramstad-Heidi. No
livde han mykje av aa arbeide hjaa Folk; og so kunde
kje Enok vise han burt, naar han kom og vilde arbeide
for det Mjøle han hadde fengi.
— Men Torkjell kunde vera leid.
Det var ein Dag i Vaarvinna. Dei hadde køyrt ut
Hævd; sat no med Borde og dugurde. Daa munde
Torkjell tykkje det vart for stilt.
„Heh!" skvatra han med sitt snøgge Maal og lagde
det lange Bukke-Andlite sitt paa Skakke og blinksa;
„eg trur du ser paa Nevane mine, Anna? — Ja ein
vert kje kvitare av aa staa i Hædaløo! Og Sveitten
fær ein au ut. Han er kje fjelgare, Mannen din
heller."
„Me skal eta vaart Brø i vaart Ansigtes Sved,
veit du."
„Heh! — han ét kje sitt Brø i sitt Ansigtes Sved.
han Lensmann Aase. Han sit inne og røykjer Sigar,
han, og gjøder seg med Kalvesteik og Bajas-01.
Ja-ja. Han hev kje gjort mindre Urett; han kann nok
gjø seg!"
— „Ein skal kje banna sitt Folks Øverste, segjer
Paulus."
„Ja men kva segjer Jessu Syrak? ’hvo som borttager
Næring, han dræber sin Næste, og hvo som berøver
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>