Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
69
en Daglønar si Løn, han udgyder Blod!’ — Jah, so
beintfram sa dei Sanningi i den Tidi. —- Men so hev
dei daa sett Jessu Syrak i Apokryffen au for det
sama."
„Aa, det er vel kje for det?"
„Ja eg veit kje kva det er for; dei gjev kje Grunnar
for seg som Magti hev."
— „Du skulde no hugsa det, Torkjell, at det er
Gud som hev gjeve dei Magti, daa han innsette dei."
„Ja-ja. Heh! Det var no den gamle Fyllefanten
Amtmann Rickert eller Drikkert som dei sae, som sette
inn Lensmannen paa Aase."
„Kanskje det var til Straff. Me skulde umvenda
oss og beda til Gud, so gav han oss nok ei god
Raadsmagt."
„Aa . . . der er mange som bed ; og etterpaa ét dei
upp Enkers Huse . .
„Me skal vera sanne Kristne, meiner eg."
„Ja kven er det? Det er vel dei som liver etter
Jessu Ord; men kva sa Jessus? ’Tag alt ditt Gods
og gjev det til dei Fattige’, sa han! Og eg ser kje
at dei gjer det, — korkje Presten eller Lars
Nord-braut."
Enok tagna reint av.
„Ja men daa vart me fatige alle," sagde ho Anna,
„og so vart det ingin til aa hjelpa dei som leid Naud."
„Eg trur kje det vart nokor Naud, eg, naar me stelte
oss rett. Faa burt all Embættsslarken og alle
Preste-magane og all Militærdingelen, so vert det misæl Mat
til oss alle ihop. Heh! — rart, um Vaarherre skulde
ha skapt fleire enn han kunde føda!"
Det var Uraad aa binne Munnen paa han Torkjell
Tualand. —
— Det vart ein kald Vaar, og Folk klaga so smaatt;
denne Nordvesten som laag og gnog all Tidi, den sette
baade Eng og Aaker tilbake.
Enok forstod at Gud vilde prøve Tolmode hans, og
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>