- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
70

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

1 70

FRED

han fann ei Glede i dette. Kannhende skulde Tukti
koma no? — „Takk, Herre, for alt! Um du signar
eller revser, — so er du dog mit Hjertes Klippe og
min Del evindeleg!"

Men Ordi hans Torkjell Tualand kom for han
stundom, og pinte han. Det var sant; det var Jesu
Ord. Enn um han tok endaa eit Fatigbarn i Huse?
Det gjekk so godt med henne Jorina, at han kunde
sjaa det var Guds Vilje.

— Han kom heim ein Dag med ein lang raudhærd
Gut, ein med Hovudskurv; han heitte Lukas. Anna
tok imot han med ein Sukk; det fekk gange so lengi
det kunde. Og Enok totte strakst han fekk Fred i
Hjarta sitt.

Lukas heldt ut til Hausten. Han hadde berre eitt
Lyte; men det var stort: han var matvand. Og Enok
vilde kje brigde paa Husskikken sin for hans Skuld.
So fall dei ut. Ein Dag daa Enok vilde brüka Magt:
anten skulde Lukas eta salt Makrel, eller han fekk
gange matlaus til Kvelds! — reiste Lukas seg fraa
Borde og klædde paa seg og takka for seg. Enok
harma seg yvi dette.

Fjortan Dagar etter hadde han eit nytt Jesusbarn.
Det var ein tjukk bleik Slaap som heitte Haavar; han
var Son av ein Farre som budde i eit Jordhus nedi
Heialandsmyri ein Stad; Hove maatte for honom vera
som Himilrike mot ein Potetkjellar.

Og matvand var han ikkje. Han aat alt det han
fekk og vel det. Men naar han ikkje aat, so sov
han. Og ein Dag utpaa Vinteren kom Anna efter at
han stal.

Ho hadde lagt Merke til at der kom burt meir
i Matbui, enn Gunnar aaleine kunde ha greidt; ho
fekk daa Mistankar, og kom paa Resten yvi han Haavar
der ute. So gjekk ho til Enok med ein Gong. Og
denne hadde vorti so leid av Letingen no, at Haavar
maatte fraa Huse med same.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0080.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free