Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
71
Etter dette gjekk Enok med Hugverk ei Stund, og
visste kje kva han skulde tenkje. Selja alt sitt og
gjeva det til dei fatige–
— Til Slutt forstod han kva det var. Han hadde
havt Gud imot seg denne Gongen, av di han hadde
teki seg fram sjølv og ikkje venta paa Herrens Time.
No skulde han vera tolmodig; ikkje taka nokon i Huse
fyrr han fekk ein sendande fraa Gud. Men Huse
skulde staa opi for kvar som kom og bad; daa vilde
kje Gud krevja meir av han. Det kunde daa kje vera
Meiningi at han skulde selja Garden og gange paa
Fantestig sjølv . . . Han vilde spyrja Presten ein Gong
um dette Orde, som han fyrr aldri hadde komi til aa
tenkje paa.
— Endelaus vart denne Vinteren au. Det som
hjelpte Anna var, at ho hadde so mykje aa gjera fraa
Morgon til Kveld; ho fekk kje Stundir til aa tenkje.
Det var ikkje nok med det vanlege Husstelle; det
andre han drog innyvi henne vart verre enn alt. Ho
stod mang ein Gang mest uppraadd.
Huse hadde etterkvart vorti eit reint Fantebøle. Det
hadde spurst etter Vegane at Enok heldt opi Hus for
kven som helst; og so kom dei berre i Flokkar.
Bygdefant og Langfant, alt det Vrak og Herk som
etter Vegane rak, her skulde dei inn; det var
Dagar ho lite fekk anna gjera enn gange og stulle for
Fanten.
Verst var det med deim som skulde hava Hus.
Skitne og fæle kom dei og fulle av Uty; leggje deim
i Seng var kje tenkjande paa, og i Løo var det kje
heller huglegt aa ha deim; so laut ho reide upp paa
Golve aat deim, inne i Stogo. Uhuglegt var det, og
stundom heilt-upp fælslegt, aa hava ein Flokk lange
Fantar liggjande burtetter Golve; ingin visste kva slike
kunde finne paa. So var det um Morgonen aa gjera
reint etter deim; det var kje heller fyse Arbeid. Ho
tenkte tidt med seg sjølv, at skulde han Enok hava
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>