Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
1 72
FRED
alt dette paa seg, so vart han visst ikkje fullt so snar
til aa segja ja til alle.
Men han totte dette gjekk godt, han. „Sjaa no, um
det ikkje greier seg aa vera gjentelaus!" sagde han
ein Dag. „ Berre me liver etter Guds Ord og stend
tidleg upp —." Daa visste ho kje anten ho skulde
læ eller graate.
Det som hjelpte so vidt at Huse ikkje gjekk reint
yvi av Fant, det var at Enok heldt Styr paa deim, so
dei ikkje fekk fara aat som dei vilde. Det spurdest
etter Vegane, at ein maatte høyre paa Bønir hjaa han
Enok, og staa tidleg upp; og dette lika kje Fanten.
Det vart daa meir nokre visse som kom til aa halde
seg her, og det helst sovorne som vilde høyre til
likaste Slage. Av dei rette Fantane var det snart
berre han Fante-Tomas og Fylgje hans, som heldt ut
paa Hove.
XI.
Det var den fyrste fullfine Dagen dei hadde havt;
men so var det au ein Dag so det var kje Raad aa
vera inne.
Lind og blaa kvelvde Himilen seg yvi Jordi som
ein ljos Draum. Det fløymde med Sol gjenom den
vide Verdi og straala og tindra paa alle Leite; mjuk,
salt Havluft fraa Vest mengde seg med lett, frisk
Fjell-luft fraa Aust; alle tusund Angar av Sevje og Saft og
frisk Gjødsle blanda seg inn; det vart so sælt og godt
aa draga Ande. Og Lufti smøygde seg um Lémine
som eit svalt Bad. Fraa solvarme Bakkar og bleike
Engir steig Lerka tirlande mot Høgd og Sol og fyllte
Blaakvelven med Jubel og Klang som av Sølvbjøllur.
Frametter Steingjerde og Vegkantar og i Solbakkane
tok det til aa grønke med friske Straa og gulne og
gløde med nyfødd Hesteblom og Tiritunge. Smørblid
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>