- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
73

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

FRED

73

Vatsblom lyste i Myrhol og Bekkjefar; ungt Lauv
spratt og slog seg ut og hengde sitt lette Flor um
livnande Lundar. Pors og Vier og frisk Lyng tippa og
toppa i Myr og Mark med heit, biter Kryddedaam.
Men rundt ikring leika Fuglen. Fugl i Par og Fugl i
Flokk, graa Fugl og brun Fugl, gul og spettut og kvit
Fugl, hoppande glad, yrjande kvik; og dei nebbast og
slost og skvatra og lo, kaate av Elskhug, drukne av
Solskin; det glima i Vengir og kvite Bryst og spradda
og spratt av Letthug og Vaarsæle. Høgt uppi Lufti
ender og daa ein Maake eller tvo, som rodde i
svevnuge Tak ut-yvi til Havs, med smaae, glade
Godvérs-skrik; so var det eit Par Efuglar eller Endar, eller ein
Lom, eit Hegrepar, ein Flokk Villgjæsar, framande,
fornæme Fuglar som hasta med lange lengtande Halsar
mot Nord, til løynde, logne Holmar og Votn, langt burt,
langt burt, dit ingin kunde fylgje.

Yvi Myrane tumla Viba i kvasse Kast med eldfulle,
glødande Skrik som Tonar fraa ein Felekvint. Og det
skimta i kvite Silkebryst og rikta og lét av breide
Vengir. Paa einslege Tuvur i Lyngheiane sat Heluna
brun og graa med fløyelssvart Bringe og lokka med
klaare klagande Fløyte-Ljod; Snipur og Raudstelk og
annan Myrfugl sprang nette og lette paa raude Føtar
og ropa til kvarandre; og for fyrste Gongen i Aar
høyrdest Gauken i Lundane ovanum Storbrekke.

I Aust stod Fjellgarden blaa og fin, prydd som til
Helg, ny-tvegin. Flatlande breidde seg utyvi og nedyvi
i lange Drag, brunt og varmt, innhildra i linn mjuk
Vaar-eim. Ytst ute Have som eit skinande bleikt
blaatt Band.

Og det gjekk som ein Sukk gjenom Skapningen, at
no var det Vaaren! No skulde me faa liva endaa ei
Stund, liva og leike, liva og stræve, ei lang Stund, ei
lang Stund, so lengi me kunde, alt til Vinters.

Heluna: Heilo.

6 — Garborg. IV.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0083.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free