Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
1 74
FRED
— Gunnar og Jorina gjekk i Kuhagen og rudde
Engi. Han Far var paa Aase i eit Møte og ikkje
heim-ventande fyrr til Nöns; og Arbeide var lett og Dagen
fin; dei var i eit Godlag, so dei kjende seg kje sjølve.
Soli kosa deim i Ryggen og kitla deim i Halsen, og
heile Verdi var ljos og varm. So stygt dei elles totte
her var, idag var her mest fagert. Fraa Eng og Myr
steig Angar so ljuve og varme, at dei kom som i ein
linn, lat Rus. Og dei var huglege mot kvarandre,
og drøsande. Ho Jorina lærde han Gunnar eit nytt
Maal.
Ja heitte Jedeva, Nei Nedevei; Hedevövedeve var
det same som Hove. Gunnar øvde seg og prøvde seg
og kunde snart segja heile Setningar. Og no skulde
dei snart kunne segja kva dei vilde, um so han Far
stod og høyrde paa det.
Men Jorina var rædd han vilde spyrja kva dei
sagde; „og daa er det kje godt aa ljuga so der vert
Meining i det". Det var altfor sant. Det hadde kje
han Gunnar tenkt paa.
Han laag paa Knéi og prikka upp Smaastein med
ein Trepinne; „den som kunde gjera seg usynleg",
ynskte han.
Jorina stod med Riva og raka Rusk og Bos som ho
hadde uppi eit Trög til Burtbering; „det er berre dei
underjordiske som kann det," sagde ho.
Dei kom i Drøs um dei underjordiske, som Gunnar
ikkje kjende noko vidare til fyrr; og det gjekk smaatt
med Arbeide.
„Kvifor kann dei underjordiske gjera seg usynlege
og ikkje me?" — „Ja du maa seia det. Det hadde
nok vore gildt." — „Ja; og godt au, stundom."
„Kann Lyktemannen gjera seg usynleg?" — „Ja
han er usynleg, han. Det er berre Ljose, me ser;
og ikkje det heller alltid." — „Hev du set han?" —
„Ja. Um Kveldane, naar det er myrkt, gjeng han ofte
og flakkar ned i Heialandsmyrane. Det skal vera ein
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>